The Simpsons Movie (2007)
// 28-jul-2007 // Alle, Animation, Comedy // Stikkord:6, David Silverman //
Den spesielle amerikanske familien i «The Simpsons» har etter 18 år på tv fått sin eigen film. Store mengder med små klypp frå filmen har florert internett i fleire månader no, så det er ikkje å overdrive når eg uttrykker at den har vore svært etterlengta.
Umiddelbart innfridde ikkje «The Simpsons Movie. Eg sakna det som skulle gjere dette til ein skikkeleg film, og ikkje berre ei forlenging av tv-formatet. Men så kan det hende eg sat med feil innstilling? Eg svarar sjølv; nei, film skal vere film! Dessutan virka det som flesteparten av dei morsomme vitsane og poenga allereie var oppbrukt i uttaligge filmtrailerversjonar. Eg føler meg litt lurt når eg forventa desse berre skulle vere små dråpar av eit større hav.
Filmen gjekk i altfor svingande kurver. Strukturen var for simpel. Samfunnskritikken dei fyrte av var grei nok, men sat ikkje spesielt djupt. Og dei små bitane med sentimentalt drama var heller tradisjonelt.
«The Simpsons Movie gav ingen topp godkjensle i ettertid. Det hellar mot retninga av ein typisk eldre episode. Morosam å sjå, ferdig med det. I forhold til mange andre komediar gav den derimot god latter for pengane. Og eg lyg om eg påstår eg ikkje likte den. Forvent derimot ikkje for mykje!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10




Jeg så «The Simpsons Movie» selv i går, og lurer på om du ikke har et godt poeng når det gjelder produksjonen av trailerne, for jeg stusset over akkurat det samme: Mange av de aller beste scenene var jo allerede oppbrukt i trailerne! Hadde de vært bare en smakebit på hva som skulle komme hadde det fungert fint, men i dette tilfelle ødela det litt av filmopplevelsen for min del.