Tonari no Totoro (1988)
User Rating: 8.1/10 (12,505 votes)
Ein stor bamse, ein liten bamse og ein minibamse. Naboane som familien Kusakabe får når dei flyttar inn i eit gammalt hus på landet er nokon merkverdige skapningar, men sjarmerande og koselege. Dessutan er det berre døtrene Mei og Satsuki som kan sjå dei.
Studio Ghbili har gitt oss mange godfilmar gjennom åra, ikkje alle har slått heilt an for min del. «My Neighbor Totoro» var heldigvis blant det betre. Eg kan sjå at den fungerar som barnefilm ved sidan av å ha eit seriøst tema som helst vaksne vil fatte. Animasjonane er brilliante og detaljane kan nok mette sjåargleda endå fleire gonger. På grunn av ei stadig forflytting i handlinga gjer det ingenting at det tekniske ikkje er av dagens høgare standard, det kjem stadig nye inntrykk å halde styr på.
Oppbygginga er på sett og vis enkel. Fru Kusakabe er på sjukehus så far og døtrer må styre med seg sjølv. Filmen dreiar seg mest omkring døtrene sin måte å takle mora sitt fråver på. I denne tida møter dei den store bamsen Totoro som bur i skogen like ved. Om Totoro er eit resultat av trangen til å fortrenge verkelegheita innimellom er ikkje lett å sei. Som i andre Studio Ghbili-produksjonar virkar det overnaturlege så mykje inn på handlinga at det blir problematisk å sjå på Totoro som ein imagniær faktor.
Glad for at filmen så godt innfridde og levde opp til skrytet den har hausta “overalt” (bl.a. på Filmantropet topp 15 liste (1982-2007)).
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Du må vere innlogga for å kommentere.