Welcome to the Dollhouse (1995)
User Rating: 7.3/10 (8,799 votes)
Skeptisk til kva Todd Solondz skulle by på denne gongen gav eg meg i gong med filmskaparen sin andre film, ein dramakomedie frå 1995.
Solondz har det med å ta opp seriøse tema som ofte involverar barn, rare folk eller seksualitet, eller alle tinga samla. «Welcome to the Dollhouse handla om utskotet Dawn som nettopp har starta på junior high school. Verken familie, lærarar eller medelevar ser ut til å bry seg særleg om ho. Det hjelp heller ikkje at ho er eit godt stykke i frå å vere pen. Mangel på det ein kan kalle ekte kontakt hjelp ikkje når ho er i byrjingsfasen av identitetsskapinga si.
Greia med både «Happiness» og «Palindromes», dei to andre filmane til Solondz som eg har sett det siste halvannan året, er at dei klarar å skape eit misbehag i måten tema blir utforska på. Slik regissøren sikkert vil. Denne filmen går i same retninga, men går heldigvis ikkje så langt, og blir liggande nærmare rar enn ubehageleg. Ein lettelse, ettersom eg synst dei andre filmane gjekk litt langt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
