Filmdagbok
ness
31-jul-2007

The Breakfast Club (1985)

User Rating: 7.8/10 (40,914 votes)

The Breakfast ClubNår det kjem til high school drama / komediar er John Hughes ein av favorittregissørane mine, spesielt på grunn av «The Breakfast Club». Her samlar han kjente sterotypar (sportsidioten, nerden, m.fl.) i biblioteket til skulen, der alle er mot sin vilje.

Oppskrifta er den same som blir brukt i reality-tv, svært ulike personar er dømt til å skape konfrontasjonar. Mesteparten av «The Breakfast Club» går ut på snakking og krangling. Manuset, John Hughes her òg, er ei blanding av følelsar og artig tullprat. I blant så sterkt at eg nesten feller tårer, i blant så artig at eg, ja, feller tårer.

Det er ikkje mykje nytt å hente her, det meste er (spesielt i ettertid) blitt brukt og oppbrukt. Stereotypane er berre stereotypar, men alt sit som støypt over heile linja. Heilheita gjer denne unik i sjangeren sin. Her er ingen dautid, filmen er kompakt og fokusert.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Jannicke har sagt:

Godfilm, dette. Jeg er fortsatt litt overrasket over at en film hvor det skjer så lite kan være så underholdene.