The Namesake (2006)
User Rating: 7.8/10 (2,859 votes)
«The Namesake skildrar tilblivelsen av ein førstegenerasjons indiske familie i USA. Ashoke Ganguli (Irfan Khan) har allereie teke doktorgrad der når han får seg ei kone i India som flyttar med han.
Flytteprosessen er ikkje enkel for nye fru Ganguli (Tabu), men etter kvart får ho barn å styre med. Heile vegen legg filmen vekt på å vise kontrastane mellom det fargerike og varme India mot eit kaldare og isolert USA, utan å overdrive eller favorisere.
Barna til Ganguli veks opp og sonen (Kal Penn) tek meir over for handlinga etter faren. Han som både er født og vakse opp i statane har ikkje omfamna kulturen til familien noko særleg, noko som kjem fram i usikkerheita hans om kor vidt han skal bli heitane Gogol (frå fødsel av) eller Nikool (”ektenamnet” hans frå 4-årsalderen).
«The Namesake er eit generasjonsdrama som viser sidene ved både emigrering og immigrering. Rik på inntrykk, Mira Nair (som også stod bak «Moonsoon Wedding») har laga ein film som treff på dei rette stadene, inspirerar og køyrer løpet heilt ut (2 timar). Ein god kombinasjon av indiske skodespelarar (ukjente for meg) og amerikanskindiske Kal Penn, som får vise at han kan stå i gjennom anna enn berre komediar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
