Filmdagbok
ness
25-jul-2007

Payback: Straight Up - The Director’s Cut (2006)

User Rating: 7.5/10 (488 votes)

PaybackSame historie, anna film. No har eg rett nok ikkje sett kinoversjonen av «Payback» på nærmare 6-7 år, men Straight Up - the Director’s Cut var godt forskjellig i frå det vesle eg hugsa. Ei samanlikning blir urealistisk å få til på sparket utan eit gjensyn med kinoversjonen, noko eg ikkje har planlagt i næraste framtid, så det får bli med dei kalde fakta frå ein medfølgande dokumentar.

Borte er det blåtona bilde, DC er rik på fargar og kontrastfylt. Vittigheitene er borte vekk, nokre kalde scener er lagt til, så det er ikkje snakk om ein lysare film, tvert i mot. Regissør Brian Helgeland sin visjon om ein film med 1970-talsstil er resultatet.

«Payback» - Director’s Cut er ein tøff og målretta film. Men den er ikkje overdreven actionhelttøff. Drastiske val av scener gjer det til ein Mel Gibson-film utanom det vanlege. Ein frisk opplevelse og ein absolutt fornøyeleg film. Dessutan er den på like under 90 minutt. Kompakte filmar er ei fin avveksling.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-jul-2007

Black Books sesong 1

6 episodar.

Black BooksBernard Ludwig Black driv ein mindre bokhandel i London. Han er inkompetent når det gjeld bokhald og generell orden, har ingen glede av kundane sine og er sannsynlegvis på godt veg til å bli eit alkoholisert, samfunnssky vesen. Uforståeleg nok er han venn med dama som driv nabobutikken, og så dukkar eks-rekneskapsførar Manny opp og blir tilsett. Tre vidt forskjellige sjeler, alle godt eksentriske, er eit greitt utgongspunkt for ein serie som ligg nær «The IT Crowd» i både stil og humor .

Bokhandelen som blir samlingspunktet for sitcommen er eit evig kaos med ei rik atmosfære. Miljøet fungerar soleis ikkje berre som bakgrunn for samtalar, det er ein viktig del av inntrykket. Vitsane er i enklaste laget, men det er nok av dei til at det kjem fram ein passe dose med morsomheiter som slår an. Dessutan blir ikkje halve serien brukt til å danne menneskelege relasjonar og bygge opp drama, noko som gjer «Black Books» til lett kost.

 
ness
24-jul-2007

Cashback (2006)

User Rating: 7.5/10 (1,599 votes)

Cashback«Cashback» er ein visuelt appellerande film. Ispedd nydelege frosne bilde og sakte kino, utsnitt som fremhevar vakre detaljar og ikkje minst pene, kvinnelege formar. Alt dette glir naturleg inn i den varme, romantiske komedie Sean Ellis har laga. Ingen er hasta, det blir heller ikkje prøvd for hardt. Balansen mellom mindre og meir brukte vendingar er god. Ikkje alt føles like ferskt, ingen føles direkte gammalt.

Eg vil ikkje rope ut at dette er eit meisterverk, men den ligg godt mellom mainstream og dei verkeleg sære filmane, i eit sjikt eg gjerne ønskar film i frå. Romantikken var ikkje spesielt tiltrekkande eller avskrekkande. Saman med den enkle humoren blei det ein god miksture.

Filmen har ei forteljarstemme som set sit preg med god reflektering og fornuftig tenking. Den speglar filmen godt på at ingenting er svart/kvitt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-jul-2007

House sesong 3

24 episodar.

House sesong 3For tredje gong har «House vist seg å vere ein serie utan like. Lite visste eg når eg første gong såg serien at den geniale legen kunne skjule sine innerste tankar så godt over tid. Stadige plotlines over fleire episodar burde avsløre noko, og tross at me (som har fulgt serien) kjenner Dr. House meir no enn i starten, er det langt i frå klart kva som føregår i hovudet hans.

Ved sidan av å bevare mystikken rundt House, er formatet årsaka til at dette fortsatt fungerar, og vil fungere ei stund til. Det er ikkje til å fornekte at samanhengande seriar («Lost» og «24») er både vel og bra. Men med episodar som kan sjåast enkeltvis, og i blant djupare plotines som belønning for dei trufaste, så ligg «House til rette for kven som helst. Dessutan er serien smart, brukar sarkasme for alt det er verdt, og overraskar stadig med uforklarande avgjersler.

Ein heil sesong er hakket for lang. Tross overraskingar er oppskrifta i dei fleste tilfelle: “Ny pasient. Mange testar. Prøving og feiling så det susar. Rett behandling i siste liten.” Likevel, ein interessant serie, ingen tvil om det. Eg vil nok sjå fjerde sesong ein gong i framtida, og «House forblir den einaste sjukehusserien eg bryr meg om.

 
ness
22-jul-2007

28 Weeks Later (2007)

User Rating: 7.5/10 (14,322 votes)

28 weeks laterVerken Danny Boyle eller Cillian Murphy, regissør og hovudrolle frå «28 Days Later… er på plass, men historia om eit virusinfisert Britannia lever vidare.

Oppfølgaren til suksessen frå 2002 handlar om ei gradvis oppbygging av London, med kontrollert tilflytting av tidlegare flyktningar. Militære har rimeleg god kontroll fram til verdens dummaste menneske kjem og øydelegg alt. Eg har ingenting i mot menneske som feila, det er jo ein del av det å vere menneske. Men menneske som bevisst går i mot all logikk og set tusenvis, etterkvart fleire, i fare, fordi dei har o’ så sterke følelsar for eit medmenneske, det er berre irriterande.

Heldigvis er ikkje dette anna enn grunnlaget for «28 Weeks Later»… Hm? Det burde ha vore katastrofalt nok! Men med musikken adoptert frå forrige film i ei av dei mest brutale massemordscenene sett på ei stund, gir solid dytt i ryggen. I ein film som kunne ha blitt så mykje meir, men renn vekk i at alt skal vere så grotesk og dum.

Eg har ikkje misforstått filmen, og skjønnar at den sikkert skal vere som den er. Men «28 Weeks Later» hamnar blant så mange andre virusinfisert/zombie filmar som «28 Days Later… klarte å skilje seg i frå. Om eg ikkje har overvurdet sistnemnte? Alt drukar her i hysteriet, grafsinga, skrikinga og avtrekkarglade soldatar (rett nok på ordre).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-jul-2007

Disturbia (2007)

User Rating: 7.4/10 (11,450 votes)

DisturbiaGled dykk, folk som er glade i ekte skrekkfilmar, og ikkje rein blotting av det groteske som i «Saw» eller dei få byksa i stolen som i «The Texas Chainsaw Massacre (remake).

«Disturbia» gjekk over all forventing. Med sine 105 minuttar var eg skeptisk til at ei gruppe ungdommar skulle kunne køyre løpet ut. Ungdomsfilmar i ein vidt definert skrekkfilmsjanger er ikkje dei mest originale no til dags.

Utgongspunktet er klassisk. Som resultat av ein hussarrest blir Kale (Shia LaBeouf) veldig opptatt av kva naboane driv med, og kjedsomheita utviklar seg til ein paranoia, der ein middelaldrande mann i nabohuset blir senter for merksemda.

Korleis det utviklar seg vidare er ikkje så nøye å nemne her, for enten vil du sjå filmen sjølv, eller bryr du deg lite. Hovudsaken er at dette, uansett utvikling, ligg høgt på lista mi over god underholdning i skrekkfilmar frå nyare tid.

Storparten av filmen utspelar seg før kjedsomheita vippar over til noko meir. Fleire filmar bommar ved at første delen blir tidsfyll før blodsutgytinga og denslags. «Disturbia» brukar tida på å etablere ungdommane i truverdige rollar, lagvis bygge mistankane opp ved å drive ei slags privatetterforsking utført av amatørar. Ein dose humor og kjærleik manglar det ikkje, men filmen mistar ikkje fokus på bekostning av slikt.

Som eit pluss heilt til slutt, ved sidan av dei gode vibrasjonane, og ikkje minst nervane filmen gav. David Morse er naboen i siktet her. Spesielt artig for meg (og ev. andre) som har sett han terrorisere House i «House over 6 episodar i tredje sesong.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
20-jul-2007

In the Land of Women (2007)

User Rating: 6.7/10 (1,850 votes)

In the Land of WomenJon Kasdan er son til Lawrence Kasdan, regissør bak «Silverado» og «Wyatt Earp» (1994). I «In the Land of Women», som er junior sin første film som filmskapar (manus og regi), har han fått jobbe med to praktfulle skodespelarar: Adam Brody i sin første hovedrolle og Meg Ryan.

Brody spelar Carter, som vel å besøke bestemora for avveksling etter å ha blitt dumpa av kjendiskjærasten. Han glir fort inn i det nye miljøet ved at han blir kjent med naboen Sarah (Ryan) og døtrene hennar.

Vennskapa, småkompliserte som dei blir, fører til fleire lange og gode samtalar. Spesielt mellom Carter og Sarah, der kjemien nærast gnistrar på skjermen. Dialogen generelt gjer storparten av filmen, handlinga blir skyvd litt i bakgrunnen. Godt er dette, for det skjer ikkje all verden når ein ser filmen i heilheit. Og i bunn og grunn er jo dette eit romantisk drama. Snev av komedie finst det i form av Brody sin vante veremåte. Rolla Carter er som støypt for ungherren, og han får verkeleg vise kva han er god for.

«In the Land of Women» har vore mykje etterlengta i lengre tid for min del. Den innfridde både i enkeltscener og som heil film, og med det er eg fornøgd. Filmen er både filosofisk og søt, men prøver ikkje å preike på sjåaren noko livsvisdom eller moral med samtalane sine. Slikt gjer den likandes, svært likandes.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-jul-2007

The Lord of the Rings: The Return of the King (2003)

User Rating: 8.8/10 (206,643 votes)

LOTR Return of the KingTek eg ikkje feil er dette faktisk fjerde gongen eg ser filmen. Slikt gjer ein ikkje utan vidare. I denne forbindelsen var det faktisk pappa som fekk ei innføring i trilogien, så eg har også fått sett ca. halvparten av både einaren og toaren dei siste to vekene.

Alle tre held seg forresten godt. Både spenninga og dramaet er tilstades. Detaljane i bilde er overveldande og vil nok aldri gå tomt for nye inntrykk. Ein ting eg legg merke til meir og meir er dei enkle og forventa kommentarane (ev. store orda), som i fleire tilfelle blir som om manusforfattarane har plukka ut det mest fengande (frå boka) og bygd ein del augeblikk utelukkande på dette.

Men så har eg ikkje lese boka, difor veit eg eigentleg ikkje heilt kva det er snakk om, eller kva eg snakkar om. Sett trilogien i heilheit er det berre ein ørliten detalj å bry seg om. Nokre av orda gir meg endå ei god, kald kjensle nedover ryggen.

Med det har eg sagt meir enn eg skulle. Dette var ikkje meint som nokon anmeldelse, berre ein påminnelse om at dei som eingong likte filmane, sikkert likar dei endå.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-jul-2007

Roman (2006)

User Rating: 5.9/10 (291 votes)

RomanFor første gong på ei god stund tok eg i dag ein råsjans ved å sjå ein relativt ny, smal, lågbudsjettsfilm som eg ikkje hadde høyrt om på førehand. Mest på grunn av Kristen Bell, men og fordi eg håpa å bli overraska.

Roman jobbar med sveising og denslags, har minimale, om kanskje ingen sosiale antenner. Høgdepunktet på dagen er når den unge, søte naboen kjem heim frå jobb i halv seks tiden på ettermiddagen, då kosar Roman seg med ein pils og ser ut vindauge.

Skjebnen skal ha det til at desse to sjelene møtes. Ei hittil tvilsom og svært så uhyggelege stemning vippar over til å bli både søt og sjarmerande. Det mørke ligg derimot aldri langt unna.

Uvissa om kva ein skal tenke når «Roman» stadig vel å gjere ting uhyggeleg og søtt på løpande bånd gjer dette til ei unik opplevelse for min del. Sjeldan klarar ein film å få meg til å tvile, sitte på tå og trykke meg godt bak i stolen.

Tydeleg filma med DV og til dels enkle, amatørmessige løysingar på visse sekvensar er med på å gi eit viktig særpreg, men får meg i blant til å lure på om utførelsen eller handlinga er mest uhyggeleg. Under huda kom kom det iallfall.

«Roman» tek seg god tid og hamnar litt på sida eit stykke ut i på grunn av mangel på fokus. Og at det ikkje kjem tydelegare fram før etter endå ei lita stund til at den slett ikkje er ein typisk sjangerfilm. Kanskje kunne det ha skjedd meir? Kanskje kunne lengda ha vore kortare?

Alt i alt var nok dette mest ein positiv overraskelse, om ikkje skodespelet utmerka seg, så satte filmen fleire støkk i meg undervegs, som sat lenge. Om andre vil like den har eg vanskeleg for å spå. Eg har ei kjensle av at det er ein enten-eller film, sjølv likte eg den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
17-jul-2007

The IT Crowd sesong 1

6 episodar.

The IT CrowdChannel 4 sitcom om IT-staben av 3, deriblant 1 inkompetent kvinne, i eit britisk firma. Ingen genistrek, men sler likevel mange andre sitcomar med god margin. Chris Morris er (nesten) alltid artig og dukkar ofte opp i ein større gjesterolle her. Saman med nerdete datakyndige som aldri gjer noko fornuftig, blir «The IT Crowd» akkurat passe bra.

Vitsane er ikkje alltid nye, overraskelsane forutsigbare, men atmosfæren i kjellaren der IT-staben held til får meg til å tenke tilbake på korleis det var å sjå barne-tv, når barne-tv verten befann seg i eit rom stappfullt av rot (les: potensiale).