Filmdagbok
ness
16-jul-2007

TV samlepost #24: Retroshock

Eerie, Indiana

Eerie IndianaDei rundt 20 år hugsar kanskje denne frå barndommen, eg gjer iallfall, om ikkje anna enn knapt før eg nyleg såg igjen første episode. Familien til Marshall, ein alltid merksam og skeptisk gutunge, har flytta til Eerie. Her ser tilsynelatande alt (altfor) normalt ut på overflata, men under loket kokar mysteria. Serien kan minne om «Are You Afraid of the Dark?», men har fast hovudperson, med følge av ein yngre partner. Korleis var gjensynet? Overraskande betre enn forventa. Dette er ikkje verdas beste tv, og nostalgieffekten spelar nok inn, men absolutt godkjent. Likevel vil eg nok ikkje sjå heile serien.

Are You Afraid of the Dark?

Are You Afraid of the DarkEin anna mystifistisk serie som gjekk på NRK når eg var yngre var denne, der ei gruppe ungar samlar seg rundt leirbålet for å fortelje skrekkhistoriar. Spesielt opningssekvensen har satt sine spor, men historiane var skumle nok dei og altså. Gjensynet bar preg av at verken skodespelarar eller oppbygging prøver å bevise noko ovanfor mi kritiske sans. Stemninga vil nok gi den yngre creeps heile vegen, kudos for det. Faktisk så skvatt eg ein gong i episoden eg såg («The Tale of the Lonely Ghost»), og det er ikkje dårleg! Dette må jo vere eit skrekkmekka for den yngre generasjon!

The Twilight Zone

The Twilight ZoneI retrosamanheng er denne delen av innlegget juks. Eg har verken tidlegare erfaringar med den eller tidlegare sendte rundar av «The Twilight Zone», men det at serien har ei historie snik den til ein plass her. Eg har sett ein episode av versjonen frå 2002 med Forest Whitaker som vert. Historiane er mørkare enn i dei to overnemnte seriane, og tydeleg retta mot litt eldre ungdom. Med ein slik serie er det ikkje lett å dømme ut i frå ein enkelt episode. Eg såg ein som var heilt OK, verken meir eller mindre, ut i frå målsgruppa å dømme, sjølvsagt.

Happy Days

Happy DaysI tv-miljøet er sitcomen som gjekk frå 1974 til 1984 ein av dei betre kjente amerikanske seriane frå perioden. Ikkje minst fordi serien la grunnlag for omgrep som stadig blir brukt i dagens tv. Derav «jumping the sharks», «Chuck Cunningham syndrome» og «the Fonzie effect» (les wiki). Serien er ein idealisert versjon av USA på seint 1950-tal og dreiar seg mykje omkring kjernefamilien, ungdommar med bilar og denslags. På meg virka «Happy Days» utdatert med puslete vitsar, men reint bortsett frå dette har serien eit nesten-potensiale.

 
ness
15-jul-2007

Harry Potter and the Order of the Phoenix (2007)

User Rating: 8.1/10 (13,306 votes)

Harry Potter and the Order of the Phoenix (2007)Tida har flydd sidan eg las ferdig den nest siste boka i «Harry Potter» rekka. Omtrent samtidig, for fem månader sidan, tok eg meg tid til å sjå alle dei utkomne filmane på rekke og rad. Med ei ventetid som denne er det klart det bygg seg opp nokre forventingar.

Eg hugsa «Harry Potter and the Order of the Phoenix som» ei realtivt kjedeleg bok samanlikna med den før og etter. I lys av filmen står den derimot fram som ganske omfangsrik. Ein film som hoppar i eit tempo så til og med eg som har lese boka har problem med å halde følge med heile vegen, var det som møtte meg. Det er klart eg blir skuffa når eg forventa meir djubde. Men mest av alt sakna eg eigentleg følelsar, anna enn irritasjon. «The Order of the Phoenix» har fleire hårreisande eller rørande bitar som her blei overkøyrt av blafrande spesialeffektar. Nydeleg spesialeffektar sådan.

No høyres eg sikkert nok veldig negativ ut her, det var for så vidt poenget mitt og. Men med mildare blikk er faktum det at «The Order of the Phoenix» er ein heilt ok film. Humoren treff, det er veldig viktig. Den fangar alvoret godt. Og til ikkje å ha den største utviklinga haldt den seg overraskande godt gjennom to timar. Med unntak av den første halvtimen som eg blei svært så utålmodig av.

Også lurar eg på om skodespelarane har blitt litt for vaksne til å passe alderen her…

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-jul-2007

Undeclared sesong 1

17 episodar.

UndeclaredTre episodar ut i serien tenkte eg: “Vel, dette er bra, men det manglar noko her”. Det som mangla var å sjå resten av serien, for dette blei jo stadig betre.

Først litt om mannen bak serien, Judd Apatow, han var produsent under «Freaks and Geeks» og må ha fått mange gode kontaktar der. I «Undeclared» dukkar det opp ein drøss av ansikt derifrå i store gjesterollar. Dessutan er Seth Rogen godt plassert i ein fast rolle som overgår rolla i «Freaks and Geeks» meir enn litt!

«Undeclared» er for fans av nyare highschool komediar. Det handlar ikkje om spesielt mykje meir enn livet i eit kollektiv, men det er faktisk meir enn nok til å gjere det vel så underhaldande. I blant saknar eg mål og meining, i blant oppfyller serien dette sakne akkurat passe. Eg kan ikkje love at dette er ein passande serie for alle, men sjølv er eg fan av «American Pie» og det som betre er. Fordelen her er at humoren må sitte for at serien skal vere sendedyktig, ettersom FOX er ein av dei kanalane som utøver sensurering av nakenheit, eit av trekkplastera i dårlegare highschool komediar på film.

For å få maks utnyttelse av serien og ikkje minst dei fantastiske gjesterollane som dukkar opp vil eg anbefale «Undeclared» som ein oppfølgar til «Freaks and Geeks», eg kan ikkje dømme på anna vis.

 
ness
14-jul-2007

Freaks and Geeks sesong 1

18 episodar.

Freaks and Geeks sesong 1Så mykje å sei, så liten plass. Lat meg likevel starte med starten. «Freaks and Geeks» gjekk på tv tilbake i 1999/2000. Miljøet er satt til tidleg 1980-tal og bør vere kjent for dei fleste som har sett minst ein John Hughes highschool komedie. Med serieformatet har Paul Feig, med hjelp av bl.a. Judd Apatow klart å gi universet større djubde enn det film ofte har. Stereotypane er her, men dei har alle unike personlegheiter og overraskar stadig ved å vise kor tredimensjonale dei faktisk er.

Hyggeleg er det at skaparane har lagt sopass mykje vekt på å gjenskape 1980-talet at ein faktisk sit med inntrykk av å sjå ein serie som kunne ha vore laga dengong, stilmessig, ikkje i struktur. Kanskje ikkje strukturmessig, men med ei truverdig variasjon. Musikken som er brukt er ei blanding mellom både god og kjent musikk. Tankane og ideane er tidsrette, og det virka ikkje som alle ideane frå/om heile 1980-talet er forsøkt fanga her. Serien er likevel rik på inntrykk.

Freaks and GeeksDet viktigaste til sjuande og sist er nok at karakterane er folk ein kan knytte seg til og vie merksemda mot. Dei viktigaste får alle nok skjermtid etter kvart, og når første sesong er over sit føler eg runden er komplett. Nokre spørsmål om kor birollar blei av undervegs har eg, men alt i alt lykkast serien godt i å legge seg på linja der ein alltid får lyst til å sjå neste og neste episode. Difor blei eg veldig fort ferdig med serien, som gav seg etter ein sesong (der dei tre siste episodane aldri blei sendt på tv), og difor har eg lyst å anbefale den vidare til folk flest.

 
ness
11-jul-2007

Bogie

Bogie er Humphrey Bogart. Eit av 1900-talets store filmnamn. Han har jobba med andre store namn som John Huston (var også drikkekamerat), Lauren Bacall (fjerde og siste kona) og Howard Hawks. Eg har den siste tida sett fire av dei meir populære filmane hans.

The Maltese Falcon«The Maltese Falcon» handlar om mord og mysterium. Sam Spade, Humphrey Bogart i ei av sine meir ikoniske rollar, er etterforskaren som blir drege inn i skotlinja mellom manipulerande og farlege folk på jakt etter ei eksklusiv statuett.

Spade er ikkje dum, han kan vere med på spelet om han må, men det er fullt ut farleg. Dette er god mystikk og ein stilfull film med ei intens stemning, som film-noir er den slettes ikkje dårleg, tvert i mot. Mykje takka vere plasseringa av Bogart som den smarte, oppmerksame og avslappa Spade, men som ikkje fungerar som ein typisk heltefigur.

Key LargoPå veg til ny by i «Key Largo» tek Frank McCloud (Bogart) turen innom familien til ein død venn. Ein storm er på veg og Frank blir verande på familien sitt hotell. Nokre skumle gjester likar ikkje den smånysgjerrige McCloud.

Etter kvart blir det stormfullt både inne som ute, utan at eg vil røpe meir. Det pressande vêret speglar seg på dei involverte, som blir lagt under press i posisjonen dei opptek etter kvart. Så godt eg likte ideen, skodespelarane og miljøet til filmen, blei dette langdryge og litt slappt. Det blei for mykje venting utan det heilt store presset.

The Big SleepI «The Big Sleep» mengar Humphrey Bogart seg med det som må vere 1940-talets vakraste amerikanske skodespelarinner. Stadig flørting er ved sidan av ei innvikla drapssak hovudingrediensane her.

Eg følte meg ganske dum når eg såg på, for i «The Big Sleep» skjer det så altfor mykje til at eg klarar å få med meg alt. Litt av gleda drukna vekk i alle trådane og namna. Det er dermed ikkje sagt at eg avskydde filmen, for eg fekk sjølvsagt med meg dei viktigaste poenga, og kjemien mellom Bogie og fleire av dei ulike kvinnene er solide saker. F.eks. Lauren Bacall.

The African QueenKrigen er komme til Afrika der Mr. Allnut (Bogart) held til med båten sin, som er namnet på filmen: «The African Queen». Han teamar opp med Miss Sayer (Katharine Hepburn).

Saman legg dei ut på reise nedover ei ugjestmild elv. Strie elvestraumar, naturlege hindringar og forskjellige personlegheitar skapar sine høgdepunkt under ei reise der me er vitne til ytre påkjenningar som mjuknar opp to sjeler med vidt ulik bakgrunn. Filmen er først og fremst morosam, men har og god dramatikk. Den held seg godt heile vegen. Det er alltid kjekt å sjå to personar bere ein film godt som her.

 
ness
09-jul-2007

Jericho sesong 1

22 episodar.

JerichoKva kunne ha skjedd om USA blei ramma av eit omfattande bombeangrep på strategisk storbyar? Eit terrorangrep av massiv storleik som ville ha ein forbundsrepublikk der over ein tredjedel av befolkinga er meldt om å ha våpen i heimen, ut i kaos.

«Jericho» utspelar dette scenarioet med dei følgande ei slik handling kunne fått. Når både kommunikasjonsnettverk og handelsnettverk blir lamma i verdas fjerde største land, med ca 300 millionar innbyggarar, er det mykje som står på spel.

Konseptet for serien er veldig interessant, med verdas ende og post-apokalypse så det passar. Styrken ligg i breidda og ei gradvis utvikling. Svakheita er at det blir bygd opp ei forventing til at noko stort skal skje rimeleg tidleg, forventingar som aldri blir skikkeleg svart. Serien tek tid for å feste seg. Når den endeleg gjorde (det i USA), hadde CBS allereie teke ein lang pause som ramma sjåartalet, dette resulterte i ei kansellering etter første sesong. Heldigvis gav kanalen etter for press frå folket; 7 nye episodar kjem i haust.

I håp om at desse vil rettferdiggjere ei open sesongavslutning heiv eg meg på igjen serien eg gav opp i fjor. Eg er ein sucker etter post-apokalyptisk film og tv, men har helst lyst på ting med ei avslutting. Om «Jericho» etter kvart får dette, eller tilnærma, er serien verdt å sjå.

 
ness
06-jul-2007

Hidden Palms sesong 1

8 episodar.

Hidden PalmsKurant sommar-tv med fin blanding av mystikk, varmt klima og menneske som ser perfekt ut, men alle har tunge problem og lyg som pokker. I begynnelsen blir det som er heilt greitt etter kvart for lite på papiret til å ro i land ideen, og endar opp med å bli ein leik fram og tilbake der skaparane av serien stadig må overbevise sjåaren om at meiningsendringa til folka som får usanningar slengt i ansiktet skal vere, i det minste, litt truverdig. Serien får ikkje spesielt god hjelp av rollebestningane, ei gruppe unge som tidlegare har fått skjermtid som gjesterollar i både «The O.C.» og «Veronica Mars». Springbrett til ei større karriere i enkelte tilfelle, ikkje alltid til ei betre.

Men så er då «Hidden Palms» ein kort serie med berre 8 episodar, og når The CW gjorde den unna på 6 veker så går det akkurat an å vere så tålmodig at det er mogleg å fullføre. Verdt å sjå? Eigentleg ikkje.

 
ness
05-jul-2007

Spider-Man 3 (2007)

User Rating: 6.8/10 (68,720 votes)

Spider-Man 3Tredje installasjon i edderkoppserien har rulla over storskjermen verda over no i sommar. Forventingane mine var høge til det som såg ut til å skulle bli den mørkaste hittil. Peter Parker får fleire slemmingar å sloss mot, og så må han ta eit solid oppgjer med seg sjølv undervegs óg.

Hadde ein renska vekk rundt 60% av filmen så hadde eg kunne sagt meg godt fornøgd med «Spider-Man 3». Første time var tilnærma bortkasta, for eg synst at Tobey Maguire gjorde ein tynn innsats her, men eg vil ikkje legge all skulda på han. Eg vil dessutan gi meg her, for eg klarar ikkje legge lok på skuffelsen av filmen som heilheit. Sjølv om enkeltdeler var vel så bra.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-jul-2007

Tøffe typar i ville vesten

I eit billegsal av DVDar plukka eg meg ut tre filmar som alle var gitt under serietittelen The Ultimate Westerns Collection: «Pale Rider», «Jeremiah Johnson» og «The Outlaw Josey Wales». Det som kjenneteiknar og samlar desse tre filmane er at dei er av seinare tids westernfilm, om ein då set gullalderen til tider då John Ford styrte på som mest. Men rett meg om eg tek feil, western er ikkje mitt spesialfelt. Heller eit hav av uutforska og usette skattar (for å oversjå dei svakar titlane).

Pale RiderI «Pale Rider» dukkar Clint Eastwood opp i kjent skikkelse. Balansert og smart og med ei ukjent fortid. Ein liten gruvekoloni har problem med den lokale stormannen LaHood og som sendt frå oven dukka Clintern opp i presteskikkelse. Heller ikkje i «Pale Rider» har han noko namn. Forutan merke etter kulehol i ryggen er det ingenting bestemt som kan seiast om mannen. Ei overhengande mystisk fortid er vel så effektivt, kanskje meir, enn ei utgreiande historie for å rettferdiggjere ein persons handlingar, i filmsamanheng. Også sparar det oss for mykje fiksfakseri så fokuset på filmen si notid blir sterkare, om filmskaparen lykkast i vinklinga. Men tilbake til «Pale Rider». Dette er ein oppegåande film som held eit roleg tempo med unntak av nokre harde konfrontasjonar i blant, desse er på høgde med det beste westernpistolaction eg har sett og er svært underhaldande. Snakket i filmen har ei djubde og er ikkje berre der for å vere snakk, samt Clintern si rolle unngår å bli ein helt som skal ta alt i sine eigne hender fordi han har ein sans om kva som er rett og feil i samfunnet. Alle gode bitar som endar opp i ein god film.

Jeremiah Johnson«Jeremiah Johnson» er sagaen om ein fjellmann, spelt av Robert Redford. Jeremiah Johnson har bestemt seg for å leve på det naturen har å tilby ved jakt og fiske, og legg ut mot Rocky Mountains nesten utan kunnskapar om korleis ein skal overleve. Filmen skildrar dei situasjonane han hamnar i, folka han møter (indianarar deriblant) og viser læringskurva hans på truverdig vis. Me får eit godt omgrep av tiden, og det blir funne ein god balanse mellom at det blir brukt god tid, men at det likevel ikkje blir kjedeleg. Ein anna årsak til dette er at filmen er rik på opplevelsar, og ei fantastisk fin naturskildring. Den er spennande, lærerik og ektefølt. Men alt er ikkje fryd og gammen, etter eit visst punkt har filmen nådd toppen, og resten blir berre ei diffus vandring utan mål og meining. Det som starta så bra, bygde seg opp og holdt lenge på noko godt, snublar i seg sjølv mot slutten. Det var vel filmen, som forsåvidt også er veldig morosam innimellom, si einaste skuffelse i mine auger.

The Outlaw Josey Wales (1976)«The Outlaw Josey Wales» startar idyllisk, men denne idyllen blir fort broten og Josey Wales (Clint Eastwood) blir etter kvart ein lovlaus, med fleire folk i nakken. Det er likevel ikkje Wales som er skurken her, men soldatar og dusørjegerar. På flukt frå, om ein kan kalle det flukt, desse folka dannar me oss eit bilde av ein dyktig, avtrekkarglad, men rettferdig person. Innimellom, og då spesielt før filmen får verkeleg etablert seg, kan ein merke at ikkje alt sit som støypt. Dette forbetrar seg, og heilheitsinntrykket av filmen er alt anna enn negativt. Også skytescenene, dei er veldig fine, eller tøffe. Det meste klaffar eigentleg rundt ein velkjent Clint Eastwood-karakter, denne gongen med eit tydeleg namn. Filmen er forøvrig regissert av mannen i tillegg, dyktig som oftast.

 
ness
01-jul-2007

Saibogujiman kwenchana (2006)

User Rating: 7.1/10 (665 votes)

I’m A Cyborg But That’s Ok«I’m a Cyborg, But That’s OK» er Chan-wook Park sitt forsøk i komediesjangeren etter ein dystrare hemntrilogi. Dette er historia om ein ung jente på eit anstalt for forvirra, som trur ho er ein cyborg.

Filmen er meir ei skildring av anstaltet med dei rare folka som er der enn ei enkelt historie frå A til B. Den held eit roleg tempo og brukar lang tid på å gjere noko ut av seg. For lang tid spør du meg. Men etter den var halvveges byrja det å likne noko. Då kjem den lune humoren fram i lyset og alt får ei meining, fram til dette må ein gå djupt for å få fram det filmen har å tilby. Eg vil ikkje påstå det er dårleg, men når forventingane mine låg på eit litt lettare nivå tapte eg personleg litt av filmen i ein tilvendingsperiode.

Men eg har tru på at filmen vil synke betre inn med tida, og tene på eit gjensyn, sopass er eg villig til å gi den. Og den var jo sjarmerande, til tider veldig morosam, og samtidig veldig alvorleg. Det var berre tempoet i starten eg ikkje heilt slo meg til ro med.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10