Arkivet til aug-2007

Chelovek s kino-apparatom (1929)

IMDb: 8.3/10 (2,541 votes)
«Man With a Movie Camera» er eit eksperiment gjort av Dziga Vertov, den sovjetiske filmavantgardens leiande figur. Det gjekk ut på å lage ein stumfilm som ikkje trengte mellomtekstar for å drive handlinga. I samtida var det eit mislykka forsøk, eller heller misforstått, den slo iallfall ikkje gjennom. I ettertid har filmen [...]

Jesus Camp (2006)

IMDb: 7.6/10 (3,981 votes)
Dokumentar eller ei samling av video frå det ekstremkristne evangeliske miljøet i USA. «Jesus Camp» gir oss iallfall eit innblikk i det verste av det verste, folk som absolutt ikkje er open for anna enn Gud. BARN som ikkje er open for anna enn Gud.
Det er naturleg å tenke at ein film [...]

Deliverance (1972)

IMDb: 7.9/10 (22,969 votes)
I kveld var kvelden for ein film som har krevd sin plass i bakhovudet mitt i altfor lang tid. Som eg har utsett for lenge, hatt lyst til å sjå, men aldri gått inn for før no. «Deliverance med Jon Voight, Burt Reynolds, Ned Beatty og Ronny Cox.
Saman er dei fire [...]

Sheffield United v Bury (1902)

IMDb: 5.8/10 (15 votes)
«Sheffield United v Bury» er endå ein fotballkamp, som i motsetning til den over er sylskarp og har nesten perfekt bildekvalitet. Det morosame her er at dei har filma ein keeper i nærmare augesyn. På denne tida var denne posisjonen gjerne fyllt av ein kraftig mann (han her er faktisk småfeit), for [...]

Burnley v Manchester United (1902)

IMDb: 5.8/10 (22 votes)
«Burnley v Manchester United» er Manchester United sin aller første kamp under dette namnet, og er fanga på film! Dei vann 2-0. Kamera og resten av det tekniske er ein skuffelse i forhold til dagens tv-kampar. Diverre er dette ein av svært få filmar i samlinga som desse fire siste kortfilmane er [...]

Parkgate Iron and Steel Co., Rotherham (1901)

IMDb: 6.0/10 (17 votes)
«Parkgate Iron and Steel Co., Rotherham» er ein del av samlinga som filmen over. På lik linje viser den folk i fabrikksamanheng, som skal hente lønninga si. Ikkje alle er like blide for å bli filma, og i bakgrunnen bryt det dessutan ut ein slosskamp som ikkje er iscenesatt av kameramannen. Morosamt.
Vurdering: [...]

Alfred Butterworth and Sons, Glebe Mills, Hollinwood (1901)

IMDb: 5.5/10 (17 votes)
«Alfred Butterworth and Sons, Glebe Mills, Hollinwood» blei funnen blant 826 nitrat-filmrullar i eit industribygg i England, 1994. Urørte negativer godt forvart i tomme oljetønner gjer at kvaliteten er utmerka her, nesten som om det skulle vere filma i dag.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

La sortie des usines Lumière (1895)

IMDb: 7.0/10 (1,060 votes)
«La Sortie des usines Lumière» viser arbeidsstaben i ein fabrikk som går ut av bygningen når dagen er over. Dette var den første filmen på kinoprogrammet som Lumière satte opp under si første framvising.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Rescued by Rover (1905)

IMDb: 6.6/10 (250 votes)
«Rescued by Rover» er ein sjarmerande dyrefilm, og eigentleg ingen før-dokumentarisk film. Ein baby blir kidnappa av ei alkoholisert sigøynerdame, men familien til babyen har ein hund som på eiga hånd finn sigøynerdama og deretter avslører gøymestaden hennar for familien. Veltrent hund som kan opne dører er eit pluss her.
Vurdering: 1 2 [...]

L’arrivée d’un train à La Ciotat (1896)

IMDb: 7.4/10 (1,317 votes)
«L’ Arrivée d’un train à La Ciotat» var med på den første kinoframvisinga til brødrene Lumière i 1895 og viser eit komande tog som stoppar på stasjonen og slepper folk av og på. Halvparten av folka skal visstnok ha vore slektningar av Lumière. Mytene skal ha det til at folk rømte kinosalen [...]

Démolition d’un mur (1896)

IMDb: 6.5/10 (434 votes)
«Démolition d’un mur» viser ein mur som blir riven. Deretter blir prosessen vist baklengs. Må ha vore fascinerande i 1896 når filmmediet var nytt, i mine auger er det mest komisk, noko pianomusikken ved sidan av bygg under.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Repas de bébé (1895)

IMDb: 6.1/10 (549 votes)
«The Baby’s Meal» er så mykje som ein 50 sekundarsfilm av ein baby som et graut. Beslekta av Lumière som på slutten av 1800-talet stod for dei første ekte filmane (som eit mottrekk til Edison sine nesten-ekte), og i løpet av få år laga over 1000 der svært mange innheld familie.
Vurdering: 1 [...]

Explosion of a Motor Car (1900)

IMDb: 6.7/10 (140 votes)
«Explosion of a Motor Car» er ei eksperimentering med klypping. Ein bil kjem køyrande nedover eit gate og stoppar. I neste augeblikk er skjermen fyllt av røyk, og klyppet etter viser mange lause bildeler liggande strødd i gata. Ein forgjengar på spesialeffektfronten. Veldig sjarmerande og komisk, noko som blir understreka av ein [...]

TV pilotguide #2: Halleluja, kvardag og science fiction

Saving Grace
Sørstatspolitikvinna Grace i «Saving Grace lev det som på ekte kristenamerikansk blir rekna for eit syndig liv, med alkohol og sex i mengder. Gud sender så engelen Earl, ein eksentrisk type som stadig spyttar tobakk, for å redde Grace frå å gå under. Grace blir ikkje så begeistra over besøka til Earl, som kjem [...]

The Wild Bunch (1969)

IMDb: 8.2/10 (26,858 votes)
«The Wild Bunch» hadde eg mildt sagt store forventingar til, nesten like store som til «The Searchers». Umiddelbart blei eg skuffa, då «The Wild Bunch» brukar lang tid på å klargjere kven som er kven. På ei anna side er innføringa meir naturleg og mindre tydeleggjort enn i mange andre filmar, noko [...]

Wyatt Earp (1994)

IMDb: 6.4/10 (13,692 votes)
«Wyatt Earp» er ein nyare westernfilm med Kevin Costner i hovudrolla som Wyatt Earp. Det er tidlegare laga fleire filmar om denne vidkjente lovmannen, som ein av John Ford i 1946 («My Darling Clementine») og «Tombstone» frå 1993 med Kurt Russell. «Wyatt Earp» tek for seg livshistoria til mannen, ikkje berre enkelte [...]

The Searchers (1956)

IMDb: 8.0/10 (26,552 votes)
«The Searchers» skal visst vere ein av dei betre filmane med John Wayne, regissert av John Ford. Eg kan skrive under på at den er god. Filmen strekker seg over eit større tidsrom på ein roleg og elegant måte som rettferdiggjer endringane i forholdet hovudkarakteren Ethan Edwards (Wayne) har i forhold til [...]

The Prestige (2006)

IMDb: 8.4/10 (78,436 votes)
Eit vennskap mellom to spirande magikarar blir øydelagt av den eine si trang til å tøye grensene, ein episode fører til at ei ung kvinne i eit utbrytingsnummer druknar og den eine av dei to spirene legg skulda på den andre.
Etter kvart utviklar dette seg til ein seriøs kamp om å utføre [...]

Shanghai Noon (2000)

IMDb: 6.6/10 (28,753 votes)
Jackie Chan og Owen Wilson kjempar seg med basketak gjennom den ville vesten i «Shanghai Noon». Brett Ratner skal ha kudos for å ha fått Chan tilbake til USA med «Rush Hour» (men han står ikkje bak denne), som første film sidan «Cannonball Run» frå 1981.
For Chan har ein del morosame filmar [...]

Conspiracy Theory (1997)

IMDb: 6.5/10 (32,134 votes)
Mel Gibson og Julia Roberts i «Conspiracy Theory», ein romantisk thriller med sterke humoristiske element. Gibson sin karakter er ein høgst paranoid person med ei usunn interesse for konspirasjonteoriar.
Naturleg nok rotar han seg bort i noko stort som involverar mektige menn. Likheitene med «Payback» på eit lågare nivå er til stor glede, [...]