Battlestar Galactica sesong 1
13 episodar.
Det har gått to og eit halvt år sidan eg først såg «Battlestar Galactica», den gong var det miniserien (ev. doble pilotepisoden). Då fall ikkje det heilt i smak, men eg var open for å prøve igjen seinare. Noko eg no har gjort.
Og ja, eg må gi sjølvkritikk om eg har påstått dette var kjedeleg. Med hendingane i miniserien i minne tok det meg ca. to episodar før eg var godt med på notane. Fire før eg var hekta. I dag har eg f.eks. sett seks episodar, som er meir enn normalen når eg er hekta på noko.
«Battlestar Galactica» er ein sci-fi serie der handlinga for det meste føregår på svære romskip, delvis på ein jordliknande planet. Cylons, maskiner skapt av menneske, har gjort opprør, utvikla seg vidare, og snudd seg fullstendig mot menneskesivilasjonen. Drive på flukt av desse (i verdsrommet) møter overlevande menneske på mange problem, som blir oppskalert ettersom cylons er i helane.
«Battlestar Galactica» handlar først og fremst om menneska sine problem. Her er det ingen romvesen. Cylons er faktoren som er med på å skape eit vanvittig press. Dei to viktigaste gruppene me følger er militære og poliktikarar. Naturleg med ein del ulike synspunkt. Ved sidan av nokre heftige romskipkampar og anna spennande kampsekvensar er polititikk ei svært viktig ingrediense for serien. Utan det og religiøs diskusjon hadde serien mista heile grunnmuren sin. På sett og vis kan ein sei at «Battlestar Galactica» kunne ha føregått i mange miljø med visse endringar, ettersom det meste bunnar ut i ting me alle kan forstå og ikkje all verdens tekno mumbo-jumbo.
Gledar meg til å få lagt hendene på neste sesong!

Jeg har sett ut neste sesong også, og hver gang du ikke tror det kan bli bedre så gjør det det.
Klør i fingrane etter å bestille, men ventar eit par veker til eg er på hybel igjen.
Føretrekk denne serien på DVD. Engelsk underteksting var ein stor fordel merka eg.
Blei ikkje mindre sugen på sesong 2 etter godorda dine, Fred Ut :)
Velkommen i de avhengiges rekker Asbjørn. Det var hyggelig :-)