Blades of Glory (2007)
User Rating: 7.0/10 (16,130 votes)
På papiret virka «Blades of Glory» som ein jålete film, med kunstløp som den bindande faktoren. Will Ferrell og Jon Heder spelar hovudrollane som to av verdas beste enkeltutøvarar, og filmen handlar om at desse skal danse par.
Det geniale her er castingen. Eg kunne aldri sett for meg Ferrell drive med kunstløp, og heller ikkje Heder som anna enn geeken han pleier vere. Men det passar perfekt. Med nokre filmtriks og eit grundig skøytekurs blir dette overraskande bra.
Historien er ikkje filmen si sterke side, det er oppbygginga med vitsar, poeng og episodar som gjer denne fornøyeleg. Dei meste av morsomheitene ser ut til å treffe, og for ein gong skuld skal ikkje Will Ferrell prøve for hardt heile tida. Eg saknar fleire Hollywoodkomediar som leverar så bra heile vegen.
No hadde eg middels forventingar til «Blades of Glory», fordi den ser ut som ein standard glattpolert A4-komedie. Men den fungerte overraskande bra for dette. Det kan nemnast at eg òg har styrt unna trailers og klypp frå filmen, så eg hadde liten idé om kva eg gjekk til.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Denne har jeg faktisk litt lyst til å se. Har virkelig fått sansen for Will Ferrell i det siste.
Jeg er faktisk helt enig med denne kommentaren. Jeg hadde ikke spesielt store forventninger siden jeg ikke er stor fan av verken Farrel eller Hader, men ble positivt overrasket over hvor morsom den faktisk var.
Ble faktisk overrasket over denne filmen jeg også. Jeg har tidligere syntes at Ferrel har hatt en tendens til overspill, men han holder stram linje i det meste av filmen. Jeg måtte trykke pause noen ganger under filmen, rett og slett fordi latterkulene ble for enorme. “..and a monkey trained to operate a videocamera”