Olsenbanden møter kongen & knekten (1974)
User Rating: 6.7/10 (197 votes)
Enda opp med denne gamle, norske filmen på ein laurdagskveld. Å vurdere Olsenbanden på kvaliteten vil vere ganske så meiningslaust. Som underholdning fungerar det i og for seg godt nok med humor i det banale.
I denne filmen er det 4 millionar “moms-pengar” som skal stelast. Alt går tilsynelatande bra, det er etterspelet som luktar trøbbel. Hadde dette vore noko anna enn Olsenbanden ville eg ikkje hatt mykje med det å gjere, men å gå tilbake til ein filmserie som har rulla over skjermen i fleire periodar, bl.a. i barndommen min, er i og for seg kurant på ein laurdagskveld.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Kan forsåvidt vera einig med deg i at å vurdera kvaliteten på Olsenbanden er meiningslaust. Allikevel er det ein viss skilnad på filmane, og denne filmen er heller rekna å vera ein av dei dårlegaste filmane i serien. Sjølve kuppet er ikkje like genialt utført som det skulle bli i dei seinare filmane, og det var først etter denne filmen serien verkeleg sette seg og kuppa blei betre utført. I tillegg blei usannsynlegheitene som prega dei første filmane meir fråverande etter denne filmen. Kanskje regissør Knut Bohwim trengde litt tid på å sette serien skikkeleg og få vekk litt av tullballet ? Kvalitetmessig er nok Olsenbanden for full musikk (det geniale kuppet på Nationaltheateret) og Olsenbandens aller siste kupp rekna for å vera dei to beste filmane, sjølv om Olsenbanden tar gull og Olsenbanden og data-Harry sprenger Verdensbanken er andre favorittar blandt Olsenbandenfansen. Når det gjeld sjølve rolletolkningane er det ingen tvil om at banden er godt samansett, med Sverre Holm i Benny sin skikkelse som ein personleg favoritt. Dette var noko av grunnen til at filmane blei motteke så godt av publikum på 1970-og 80-talet, nemleg at banden og andre framtredande roller i serien blei spelt av kjende og populære skodespelarar. Men den som kanskje spelar aller best, etter mi meining, er Sverre Wilberg som kriminalbetjent Hermansen. Måten han blir behandla på og latterleggjort av sine eigne folk og lurt av Olsenbandenbanden gong på gong framkallar ein del latter. Trist at det berre er Harald Heide Steen Jr. (Dynamitt/Data-Harry) som er igjen av banden og de andre mest framtredande rollane i dag. Denne kommentaren blei kanskje i lengste laget, men sånn blir det når det er ein skikkeleg Olsenbanden-fan som skriv med gode minner frå alle dei årå filmane gjekk laurdagskveldane på tv 2. Til slutt må eg leggja til at alle filmane, unnateke den nest siste filmen i serien, er basert på dei danske Olsenbandenfilmane som kom ut eitt år før dei norske. Så Knut Bohwim fekk litt hjelp frå dei danske filmskaparane Erik Balling og Henning Bahs, spesielt på manussida. Ein har også klippt scener rett frå dei danske filmane og limt rett inn i dei norske filmane, kanskje for å spara både tid og pengar. Dette er særleg merkbart i Olsenbanden for full musikk.
Det må eg sei, Roar, du har satt deg meir inn i Olsenbanden enn eg trudde! Kjempemessig! Sei i frå om du vil skrive meir om Olsenbanden, har “Gjesteanmeldelsar”-kategorien til rådigheit her. :)
Det kunne vore artig å skrive om dei Olsenbandenfilmane som kjem til å gå på tv 2 på laurdagskveldane framover, viss det høyrdest ok ut. Veit du forresten om andre som er interessert/engasjert i Olsenbandenfilmane ? Kunne vore artig å få til ein diskusjon om beste/dårlegaste film i serien, likskap med dei danske filmane, osv. Som tilleggsopplysning for dei interesserte kan eg seia at regissør Knut Bohwim eigentleg såg føre seg Carsten Byhring (som spela Kjell) i rolla som Egon Olsen. Men då Arve Opsahl fekk sjå den første danske Olsenbandenfilmen, var han ganske klar på at det var han som skulle vera Egon viss det skulle lagast ein norsk versjon. Og som alle veit, slik vart det til slutt. Og godt var det. Carsten Byhring passa utmerka som den litt forsiktige og stillfarne Kjell, medan Arve Opsahl med sin litt meir høgrøsta og brautande stil passa best som Egon. I ettertid er det nok valet av Arve Opsahl som Egon som skapte mest delte meiningar omkring skjølve rollefordelinga i filmane. Hans litt brautande stil fall ikkje i smak hjå alle. Snakka nyleg med nokre danskar som såg forrige Olsenbandenfilm som gjekk på tv 2, og dei meinte, naturleg nok, at Arve Opsahl var fleire hakka svakare enn deira eigen Egon, Ove Sprogøe. Men dei tykte både Kjell- og Benny-rolla var ganske bra og likt tolka som i dei danske filmane. Den svenske versjonen av Olsenbanden, Jønssonligaen, ville dei derimot ikkje seia noko om, sidan dei fleste av dei filmane ikkje er baserte på dei danske filmane og har ein meir komisk og useriøs stil samanlikna med dei danske/norske filmane. I dei filmane er det kun Dynamitt-Harry og Biffen (den feite rivalen til Olsenbanden) som har namna sine frå dei opphavlege danske filmane.
Sender deg ein epost til den oppgitte epostadressa med noko informasjon og denslags.