Filmdagbok
ness
10-aug-2007

Premonition (2007)

User Rating: 5.6/10 (8,326 votes)

PremonitionPå veg til Israel var eg eit døgn innom den kjære nabostaten vår, Danmark. Ettersom Carlsbergbryggeriet ikkje er opent på måndagar måtte tida ved sidan av besøket i Christiania slåast i hel på kinoen, og moglegheitene begrensa seg heilt ned til Sandra Bullock sin siste romantisk suppe.

«Premonition» blir aldri meir enn ok. Den er for lang og det er for mykje kliss der. Stemninga er stort sett nervepirrande nok, men det blir aldri det heilt store. Greia er at dama vaknar opp ein dag og oppleve at mannen er død, neste dag ho vaknar er visst mannen i live igjen. Så må ho finne ut kva som føregår, ved sidan av å styre med sterke kjenslemessige problem. Etterforskinga, om ein kan kalle det så, treff dårleg. Det blir aldri skikkeleg spennande. Og ein samtale med ein prest midt inni her er meir forvirrande og meiningslaus enn oppklarande og interessant. Filmen blir plankekøyring.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
gunnar har sagt:

Imponerende at du faktisk ser film og blogger når du er bortreist! Her er et lite tips: http://www.degraeve.com/reference/specialcharacters.php

Jacob har sagt:

En genial lenke det der, gunnar!

ness har sagt:

Fin side det der, skal bokmerke den for seinare bruk.