The Prestige (2006)
User Rating: 8.4/10 (78,436 votes)
Eit vennskap mellom to spirande magikarar blir øydelagt av den eine si trang til å tøye grensene, ein episode fører til at ei ung kvinne i eit utbrytingsnummer druknar og den eine av dei to spirene legg skulda på den andre.
Etter kvart utviklar dette seg til ein seriøs kamp om å utføre den mest spektakulære tryllekunsten, samt eit mørkt og blodig hemntokt som utviklar seg til å gå begge vegar. «The Prestige tek oss med både framfor og bak showet. Den forklarar i overkant av det som er nødvendig for å bli imponert, men ikkje alt. Me får eit innblikk i illusjonar og vitskap som er utgongspunktet for fine tryllekunstar. Dessutan torer «The Prestige å spe på med mystikk, gjerne iført spesialeffektar.
Forteljarstilen er utfordrande, men elegant gjennomført. Ei historie blir fortalt stort sett i tilbakeblikk, frå ulike synspunkt og mange løgner på lur. Eg føler likevel ikkje at det ligg an til den største overraskelsen, mange hint ligg tydelege i bilde undervegs på kva det dreiar seg om.
Ved sidan av for mykje eksponering synst eg skodespelarane bleiknar her. Ingen er dårlege, men eg hadde forventa meir når namna er Christian Bale og Michael Caine, blant fleire. Dei ror det i land, men forutan å vere ein underholdande film på 2 timar kjem eg ikkje til å hugse denne i større grad.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
