Filmdagbok
ness
27-aug-2007

Ekte menn har hest og pistol

Eg følger opp min forrige samlepost om westernfilmar med ei ny blanding tøffe menn. Filmane har ingen større koplingar som eg har lykkast i å notere meg forutan sjangeren og at dei alle er av lengre lengde.

The Searchers (1956)«The Searchers» skal visst vere ein av dei betre filmane med John Wayne, regissert av John Ford. Eg kan skrive under på at den er god. Filmen strekker seg over eit større tidsrom på ein roleg og elegant måte som rettferdiggjer endringane i forholdet hovudkarakteren Ethan Edwards (Wayne) har i forhold til niesa si. Niesa blei tidleg kidnappa av indianarar og er årsaka til søket i første omgang. Wayne er godt plassert, men står på ingen måte åleine. Jeffrey Hunter som ste-nevøen Edwards har følge av taklar overgongen frå ung og ivrig til meir reflektert på ein god måte. Handlinga er stabil og blir aldri kjedeleg. Dessutan er alt filma i flotte omgivelsar som skapar ei passande stemning.

Wyatt Earp (1994)«Wyatt Earp» er ein nyare westernfilm frå så seint som 1994 og med Kevin Costner i hovudrolla som Wyatt Earp. Det er tidlegare laga fleire filmar om denne vidkjente lovmannen, som ein av John Ford i 1946 («My Darling Clementine») og «Tombstone» frå 1993 med Kurt Russell. «Wyatt Earp» tek for seg livshistoria til mannen, ikkje berre enkelte periodar frå livet hans. Som dokumentariserande, Hollywoodisert westernepos fungerar dette godt. 3 timar er lenge, litt for lenge faktisk, men innstilt på ein lang film er det ingen tålmodigheitsprøve. Mange gode birollar gjer at det blir skapt ei heilheit som passar rundt Earp-familien og då spesielt Wyatt. At filmen heller ikkje forsøker å skape ein perfekt helt er ganske så forfriskande, den tek heller utgongspunkt i å prøve og forklare ulike val han tek med forhistorien hans. Om ikkje den beste westernfilmen, så likevel ein god ein.

The Wild Bunch (1969)«The Wild Bunch» hadde eg mildt sagt store forventingar til, nesten like store som til «The Searchers». Umiddelbart blei eg skuffa, då «The Wild Bunch» brukar lang tid på å klargjere kven som er kven. På ei anna side er innføringa meir naturleg og mindre tydleggjort enn i mange andre filmar, noko som tilfører filmen ei heilt eiga drivkraft, som om den styrer seg sjølv. Etter det som virkar som evigheiter, kanskje 30-45 minutt av filmen, begynnar det å forme seg for meg. Det meste er på plass og eg får glede av dei følgande skytesekvensane (som er ganske ville!), vala som blir gjort, samtalane som blir halde (dialogen er sterk og ideane til folk generelt smarte). Stort sett alt fell på plass og filmen om ein bande på rømmen nær og på grensa til Mexico blir berre betre og betre heilt til siste minutt.