Filmdagbok
ness
27-aug-2007

TV pilotguide #2: Halleluja, kvardag og science fiction

Saving GraceSørstatspolitikvinna Grace i «Saving Grace lev det som på ekte kristenamerikansk blir rekna for eit syndig liv, med alkohol og sex i mengder. Gud sender så engelen Earl, ein eksentrisk type som stadig spyttar tobakk, for å redde Grace frå å gå under. Grace blir ikkje så begeistra over besøka til Earl, som kjem når som helst. For det første har ho ingen seriøse problem i kvardagen (i følge seg sjølv), for det andre er ikkje Earl engletypen i folk flest sitt bilde og er vanskeleg å tru. Ved sidan av dette er «Saving Grace ein skuffande tom politietterforskingsserie, der lite føles viktig i skyggen av hallelujapratet. Og hallelujaprat er sjeldan viktig.

Flash Gordon«Flash Gordon er ei av seinsommarsatsingane til SciFi Channel og er basert på teikneserie med same namn. No har eg ikkje lese den, utan at det hindra meg i å sjekke ut kva dette er. Flash blir spela av den same mannen som var Whitney Forman i «Smallville over ein lengre periode, nemleg Eric Johnson. Det er tidlegare laga mange filmar og tv-seriar om Flash, så område er godt utforska. SciFi Channel sin versjon fungerar i og for seg godt nok. Den lid av svake spesialeffektar grunna eit (eg gjettar) middels tv-budsjett, men tek seg godt inn på bl.a. skodespelarane. Kjemien mellom dei to viktigaste, Flash og eks-dama Dale (Gina Holden

Californication«Californication» er ei nysatsing med tidlegare «X-Files» stjerne, David Duchovny, i hovudrolla som ein one-hit-wonder forfattar. Han har nyleg fått fornya populariteten sin ettersom boka han slo så godt gjennom med har blitt adaptert til filmen, i form av ein romantisk komedie han ikkje står særleg støtt for. Dette til side ber han allereie preg av å i lengre tid ha hatt skrivesperre, samt ei innbilsk trang til å få tilbake eks-dama som óg er mora til barnet hans. Han har i følge seg sjølv, kanskje ikkje det beste livet, men han er iallfall ikkje ulykkeleg. Tida går med til å score yngre kvinner, så serien er krydra med nakenheit og forsåvidt mykje anna som er kontroversielt i forhold til standard amerikansk tv. Rett nok kjem «Californication» unna med det sidan serien går på Showtime. Den kjem óg unna som ein god serie generelt, og som eit litt artig motstykke til «Entourage. Har trua på denne, for det tok ikkje lang tid ut i første episode før det satt som støypt.

 

Stengt for kommentering.