Filmdagbok
ness
28-aug-2007

Deliverance (1972)

User Rating: 7.9/10 (22,969 votes)

DeliveranceI kveld var kvelden for ein film som har krevd sin plass i bakhovudet mitt i altfor lang tid. Som eg har utsatt for lenge, hatt lyst til å sjå, men aldri gått inn for før no. «Deliverance med Jon Voight, Burt Reynolds, Ned Beatty og Ronny Cox.

Saman er dei fire kameratar, i kva forbindelse får me ikkje vite, som skal valfarte ned Cahulawassee River med kano, før elva og resten av dalen blir oversvømt av eit damprosjekt.

Heilt i frå første minutt kan ein ane ei smånervøs stemning som ligg og knugar i botnen. Me befinn oss utanfor sivilisasjonen, i eit miljø så ofte portrettert i amerikansk horrorfilm, den forfalne landsbygda med sine eksentriske og rare skruer.

På veg nedover elva er det klart at reisa må by på problem, i eit så mektig element ligg overraskinga i kva som vil skje først. Den smånervøse stemninga er berande for heile filmen, og slepp aldri taket. Når det skjer noko ekstra er det berre bonus, og det skjer ofte nok! Glede! «Deliverance nyttar seg av eit fascinerande filmsett (naturen) og redselen for det uvisse, samt udødelege oppskrifter i konfrontasjonar, som er like grusomme i dag som for 30 år sidan.

Dramatisk og med grøss i 2 heile timar, det er ingenting å utsette på denne filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10