Før-dokumentariske kortfilmar
Dette semesteret har eg meldt meg opp i eit fint fag på universitete som heiter Dokumentar, der forelesaren ser ut til å vere veldig glad i å vise oss eksempel. Noko som slo ut i begge retningar eigentleg. Det blei i overkant av Trondheimhistorie for denne karen, men før han kom så langt såg me nokon gode og korte filmar, som alle ligg nær det som kan kallast dokumentarfilm, pluss er laga i tidsrommet 1895-1905 av bl.a. kinoens fedre; Lumière-brødrene og andre meir og mindre kjente filmnamn.
«Explosion of a Motor Car» er ei eksperimentering med klypping. Ein bil kjem køyrande nedover eit gate og stoppar. I neste augeblikk er skjermen fyllt av røyk, og klyppet etter viser mange lause bildeler liggande strødd i gata. Ein forgjengar på spesialeffektfronten. Veldig sjarmerande og komisk, noko som blir understreka av ein politimann sin måte å plukke opp kroppsdeler på i ettertid.
«The Baby’s Meal» er så mykje som ein 50 sekundarsfilm av ein baby som et graut. Beslekta av Lumière som på slutten av 1800-talet stod for dei første ekte filmane (som eit mottrekk til Edison sine nesten-ekte), og i løpet av få år laga over 1000 der svært mange innheld familie.
«Démolition d’un mur» viser ein mur som blir riven. Deretter blir prosessen vist baklengs. Må ha vore fascinerande i 1896 når filmmediet var nytt, i mine auger er det mest komisk, noko pianomusikken ved sidan av bygg under.
«L’ Arrivée d’un train à La Ciotat» var med på den første kinoframvisinga til brødrene Lumière i 1895 og viser eit ankommande tog som stoppar på stasjonen og slepper folk av og på. Halvparten av folka skal visstnok ha vore slektningar av Lumière. Mytene skal ha det til at folk rømte kinosalen då toget kom mot dei på lerretet, men dette er mest sannsynleg tullball. Ingen politirapport viser til dette, og politiet var tilstades som dørvakter på større arrangement på den tida.
«Rescued by Rover» er ein sjarmerande dyrefilm, og eigentleg ingen før-dokumentarisk film. Ein baby blir kidnappa av ei alkoholisert sigøynerdame, men familien til babyen har ein hund som på eiga hånd finn sigøynerdama og deretter avslører gøymestaden hennar for familien. Veltrent hund som kan opne dører er eit pluss her.
«La Sortie des usines Lumière» viser arbeidsstaben i ein fabrikk som går ut av bygningen når dagen er over. Dette var den første filmen på kinoprogrammet som Lumière satte opp under si første framvising.
«Alfred Butterworth and Sons, Glebe Mills, Hollinwood» blei funnen blant 826 nitrat-filmrullar i eit industribygg i England, 1994. Urørte negativer godt forvart i tomme oljetønner gjer at kvaliteten er utmerka her, nesten som om det skulle vere filma i dag.
«Parkgate Iron and Steel Co., Rotherham» er ein del av samlinga som filmen over. På lik linje viser den folk i fabrikksamanheng, som skal hente lønninga si. Ikkje alle er like blide for å bli filma, og i bakgrunnen bryt det dessutan ut ein slosskamp som ikkje er iscenesatt av kameramannen. Morsomt.
«Burnley v Manchester United» er Manchester United sin aller første kamp under dette namnet, og er fanga på film! Dei vann 2-0. Kamera og resten av det tekniske er ein skuffelse i forhold til dagens tv-kampar. Diverre er dette ein av svært få filmar i samlinga som desse fire siste kortfilmane er ein del av, som har dårleg bildekvalitet.
«Sheffield United v Bury» er endå ein fotballkamp, som i motsetning til den over er sylskarp og har nesten perfekt bildekvalitet. Det morsomme her er at dei har filma ein keeper i nærmare augesyn. På denne tida var denne posisjonen gjerne fyllt av ein kraftig mann (han her er faktisk småfeit), for etter at keeperen hadde hatt ballen i handa i 3 sekund kunne ein motspelar sparke den ut av hendene hans. Difor måtte keeperen vere tøff (les: kraftig).
