Jesus Camp (2006)
User Rating: 7.6/10 (3,981 votes)
Dokumentar eller ei samling av video frå det ekstremkristne evangeliske miljøet i USA. «Jesus Camp» gir oss iallfall eit innblikk i det verste av det verste, folk som absolutt ikkje er open for anna enn Gud. BARN som ikkje er open for anna enn Gud.
Det er naturleg å tenke at ein film som utgir seg for å vere ein dokumentar, og som skal nå ut på eit anna medium enn tv, må ha mykje futt i seg. Det har «Jesus Camp». Men den er ikkje uspiseleg som Michael Moore sine arbeid. Ver naturlegvis kritisk til det du ser her. Ein slepp då iallfall preiken om at det du ser er grusomt, den blir meir av typen fluga-på-veggen. Heilt subjektiv er den aldri, det skulle berre mangle. Det flotte er, eg blei ikkje sittande igjen med den fæle kjensla av å ha blitt utnytta av ein eller anna regissør. Tankane mine var i første omgang retta mot innhaldet når ikkje-fiksjonsfilmen var ferdig.
Noko som er greitt å ha i bakhovudet er at det finst folkegrupper som det er den mest naturlege tingen i verda å gjere ting på som vist i «Jesus Camp». Det gjeld ikkje berre kristne. På same måte er mange nordmenn er meir liberalt innstilt. Slik er det berre. På den måten kan «Jesus Camp» lettare bli sett. For det kan vere hardt å sjå på til tider.
For all del, dette her er skumle saker!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
