Filmdagbok
ness
04-aug-2007

Blades of Glory (2007)

User Rating: 7.0/10 (16,130 votes)

Blades of Glory (2007)På papiret virka «Blades of Glory» som ein jålete film, med kunstløp som den bindande faktoren. Will Ferrell og Jon Heder spelar hovudrollane som to av verdas beste enkeltutøvarar, og filmen handlar om at desse skal danse par.

Det geniale her er castingen. Eg kunne aldri sett for meg Ferrell drive med kunstløp, og heller ikkje Heder som anna enn geeken han pleier vere. Men det passar perfekt. Med nokre filmtriks og eit grundig skøytekurs blir dette overraskande bra.

Historien er ikkje filmen si sterke side, det er oppbygginga med vitsar, poeng og episodar som gjer denne fornøyeleg. Dei meste av morsomheitene ser ut til å treffe, og for ein gong skuld skal ikkje Will Ferrell prøve for hardt heile tida. Eg saknar fleire Hollywoodkomediar som leverar så bra heile vegen.

No hadde eg middels forventingar til «Blades of Glory», fordi den ser ut som ein standard glattpolert A4-komedie. Men den fungerte overraskande bra for dette. Det kan nemnast at eg òg har styrt unna trailers og klypp frå filmen, så eg hadde liten idé om kva eg gjekk til.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-aug-2007

Olsenbanden møter kongen & knekten (1974)

User Rating: 6.7/10 (197 votes)

Kongen og knektenEnda opp med denne gamle, norske filmen på ein laurdagskveld. Å vurdere Olsenbanden på kvaliteten vil vere ganske så meiningslaust. Som underholdning fungerar det i og for seg godt nok med humor i det banale.

I denne filmen er det 4 millionar “moms-pengar” som skal stelast. Alt går tilsynelatande bra, det er etterspelet som luktar trøbbel. Hadde dette vore noko anna enn Olsenbanden ville eg ikkje hatt mykje med det å gjere, men å gå tilbake til ein filmserie som har rulla over skjermen i fleire periodar, bl.a. i barndommen min, er i og for seg kurant på ein laurdagskveld.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-aug-2007

Gedo senki (2006)

User Rating: 6.4/10 (647 votes)

Tales from Earthsea«Tales from Earthsea» er ein av Studio Ghibli sine nyare filmar. Med dragar, trollmenn, sverd og kongar virka dette meir vestleg enn noko anna Ghibli eg har sett. Men fantasy har vel ingen direkte plasstilhenging.

Kampen mellom lys og mørke, det gode og onde er sentralt her. Me blir introdusert for ei verd som er på veg til å gå under fordi menneske har øydelagt “balansen” i naturen med kunnskapar som kan overstyre ting som vêr og vind.

Problemet til «Tales from Earthsea» er at den så altfor tydleg har så mykje den vil fortelje, men ikkje får plass til. Når berre dei viktigaste trekka får sin fortente plass blir det liten djubde. Mykje blir teke for gitt. Eg kjem ikkje utanom det å tenke på «Eragon» soleis. «Eragon» på si side må vere ein bleik kopi av dei originale «Earthsea»-bøkene. Nok om det.

Det eg sakna mest var det “japanske” ved filmen som har vore tilstades i dei andre Ghiblifilmane eg har sett. Dei sprø japanske, myteskapningane, eit japansk miljø. Her er ei tom, enkel historie. Overveldane lydspor, gode, men ikkje alltid like passande når sjølve bilda ikkje gjer inntrykk. Og kjempefin animasjon.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-aug-2007

Battlestar Galactica sesong 1

13 episodar.

Battlestar GalacticaDet har gått to og eit halvt år sidan eg først såg «Battlestar Galactica», den gong var det miniserien (ev. doble pilotepisoden). Då fall ikkje det heilt i smak, men eg var open for å prøve igjen seinare. Noko eg no har gjort.

Og ja, eg må gi sjølvkritikk om eg har påstått dette var kjedeleg. Med hendingane i miniserien i minne tok det meg ca. to episodar før eg var godt med på notane. Fire før eg var hekta. I dag har eg f.eks. sett seks episodar, som er meir enn normalen når eg er hekta på noko.

«Battlestar Galactica» er ein sci-fi serie der handlinga for det meste føregår på svære romskip, delvis på ein jordliknande planet. Cylons, maskiner skapt av menneske, har gjort opprør, utvikla seg vidare, og snudd seg fullstendig mot menneskesivilasjonen. Drive på flukt av desse (i verdsrommet) møter overlevande menneske på mange problem, som blir oppskalert ettersom cylons er i helane.

«Battlestar Galactica» handlar først og fremst om menneska sine problem. Her er det ingen romvesen. Cylons er faktoren som er med på å skape eit vanvittig press. Dei to viktigaste gruppene me følger er militære og poliktikarar. Naturleg med ein del ulike synspunkt. Ved sidan av nokre heftige romskipkampar og anna spennande kampsekvensar er polititikk ei svært viktig ingrediense for serien. Utan det og religiøs diskusjon hadde serien mista heile grunnmuren sin. På sett og vis kan ein sei at «Battlestar Galactica» kunne ha føregått i mange miljø med visse endringar, ettersom det meste bunnar ut i ting me alle kan forstå og ikkje all verdens tekno mumbo-jumbo.

Gledar meg til å få lagt hendene på neste sesong!

 
ness
01-aug-2007

Sløyfe på juli

Juli har vore ein skuffande månad i forhold til vêr, trening og uteaktivitet, men ein god filmmånad.

Sløyfe på juli

Eg har sett 26 filmar. Av dei vil eg spesielt anbefale «In the Land of Women», «Disturbia», «The Breakfast Club» og «The Namesake til andre på jakt etter god film. Heldig med vala har eg ungått noko verre enn middels og slepp dermed å henge ut nokon titlar.

Eit par TV samlepostar har det blitt, deriblant ei ny “pilotguide”. 7 sesongar med tv-serie har det òg blitt. Samt 2 samlepostar: Bogie og Tøffe typar i ville vesten.

August står på trappa, det gjer òg ein 2 vekers tur til Israel, sikkert utan så altfor mykje filmsjåing. Men det er ikkje som om det elles er mangel på innlegg her heller…