To filmar i eit, det var planen til «Grindhouse». Slik blei dei sendt på kino i USA, men utanfor har dei blitt sendt kvar for seg. «Death Proof» og «Planet Terror». Slik har eg óg sett dei, for så å samle dei igjen i dette innlegget.
«Death Proof» er første film i den tenkte doublebillen «Grindhouse». Regissert og forfatta av Quentin Tarantino. Med Kurt Russell, Rosario Dawson og Vanessa Ferlito som nokre av stjernene. Det er gamle B-filmar som er brukt som inspirasjon for denne (og «Planet Terror». Filmen handlar kort sagt om pene damer og ville stunt, men dei som kjenner Tarantino veit at det óg vil vere mykje god dialog her. Deler av dialogen kunne me ha blitt spart, for «Death Proof» blir litt for mykje show-off av Taraninto si nerdekunnskap enn underholdning i store deler av filmen. Folk går mykje rundt utan mål og meining. Etter kvart blir «Death Proof» ein film med meir meining, som absolutt fortenar godsnakk. Vill bilkøyring dominerar. «Death Proof» endar overraskande med å glede meg ganske mykje til slutt, den krevde berre litt ekstra konsentrasjon og tålmodigheit i starten.
«Planet Terror» er andre del av «Grindhouse». Her er det Robert Rodriguez som står for regi og manus. Oppskrifta er enkel og effektiv. Eit virus blir spreidd og gjer folk til zombiar. Dei som ikkje blir zombiar er i besittelse av våpen, gjerne semiautomatiske. Bland inn ein dose militære, pene damer og eksplosjonar med trøkk i, så er det i gong. Med Freddy Rodríguez og Rose McGowan i front, og fleire supre skodespelarar like ved. Simpel, men enn så råkul og fengande dialog ved sida av det største splattereventyret eg har sett på enn så lenge, «Planet Terror» er min definitive favoritt blant filmane i «Grindhouse». Den er litt for lang («Death Proof» var for lang), men eg finn ingen andre ting å trekke ned på enn det. Så har eg ikkje sett på den anna enn som tøff, rein og skjær underholdningsfilm. Til slutt må eg nemne filmmusikken til «Planet Terror», som får meg til å tenke på John Carpenter viss filmskapar eg har sett eit par filmar av siste tida (og endå fleire siste året), men som til dels er endå rikare og meir variert. «Death Proof» var god på populærmusikk, «Planet Terror» er briljant på rein filmmusikk - som er med på å skape store delar av filmen.
(0 hittil)