Filmdagbok
ness
03-sept-2007

Sesongavrunding veke 35

Søndagshumorsatsinga til HBO har nyleg runda av to flotte seriar.

Entourage sesong 4

EPause mellom 3. og 4. sesong var på to små veker, så «Entourage har halde på i nokre månader no. Til stor glede for meg og andre fans. I 4. sesong har dei fortsatt i den vante rytmen, med kjendisar, piker og filmbusiness, blant anna. Rollefiguren Ari Gold (Jeremy Piven) blei gradvis mindre viktig som drivkraft bak Vincent Chase’ karriere, i det siste har han blitt skrive meir inn igjen og fått fleire eigne plots enn tidlegare. Ingen drastiske forandringar, heller ei naturleg utvikling. Gullalderen for serien er nok over, det var Vince si jakt på berømmelse som fekk serien opp og fram, no er dei fleste av karakterane blitt annerkjente i miljøet. Det er meir å hente, men tida framover frå neste sesong vil nok kreve meir av manusforfattarane.

Flight of the Conchords sesong 1

FotCPå langt nær så framme i lyset som «Entourage har likevel «Flight of the Conchords» klart å skape seg eit namn og ein fanbase. Nok til at ein ny sesong er bestilt av HBO. Velfortent, for «Flight of the Conchords» er eit flott avbrekk frå så mange overfladiske og evighysteriske komediar med sine lune og rare humor. Ikkje at «Flight of the Conchords» aldri blir hysterisk, men godkjensla ligg meir under huda og rolleknytninga er viktigare her enn mange andre stader. Episodane er stabile, både i samanheng og individuelt sett.

 

Stengt for kommentering.