Sleuth (1972)
User Rating: 8.2/10 (8,222 votes)
Ei nyinnspeling av denne duellen mellom Laurence Olivier og Michael Caine står på troppene, og har vel allereie blitt vist i enkelte samanhengar. Michael Caine møter der Jude Law, som skal spele rolla Caine hadde i første.
Men no har eg altså sett 1972-versjonen. Og for ein film! Over 2t 20min følger me herremennene Andrew Wyke (godseigar og forfattar) og Milo Tindle (frisørsalongeigar) som møtes etter at Tindle har lagt sin elsk på kona til Wyke. Forutan kulturkrasjet mellom desse er Wyke open for forholdet Tindle har med kona hans. Han tilbyr faktisk å hjelpe Tindle økonomisk ved å la han stjele nokre juvelar han er i besittelse av, men då må Tindle vere med på ein leik. Wyke er svært interessert i gamle leiketøy og spel, men og i meir seriøse rollespel.
Det er nettopp i den retninga filmen utviklar seg. To intelligente, vaksne menn driv handlinga med smart og humoristisk dialog. Wyke er populær innan krim- og politietterforskarsjangeren, så filmen er full av element frå krim, og er noko av det beste eg har sett i retninga ved sidan av Woody Allen sine krimfilmar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Du må vere innlogga for å kommentere.