Six Feet Under sesong 3
13 episodar.
«Six Feet Under» klarar stadig å gripe tak i meg og klistre augene mine til skjermen. Serien overraskar på elegant vis og viser sterk dømmekraft i plottwist og mot på å utvikle småhistoriar som den vil, gjerne ved at folk føretek uetiske val som får ein til å klø seg forundra i hovudet, men likevel forstå det.
Styrken ligg i engasjementet den skapar med ekte rollefigurar. Ekte folk som ikkje let seg bli forstått i løpet av ein sesong eller to, som utviklar seg og brått kan finne på noko uventa utan vidare forklaring. «Six Feet Under» har litt av «The Sopranos» sin måte å slutte plots på, berre ikkje i så stor grad.
Ein av dei beste tinga er at ingen episodar føles som ein repetisjon. Liva til familien Fisher m.fl. går framover, om enn sakte, så på ein god og trygg måte. I blant er eg nødt til å sjå neste episode!
