Filmdagbok
ness
08-sept-2007

Roman Holiday (1953)

User Rating: 8.0/10 (17,150 votes)

Roman HolidaySå som så med forventingar til ein romantisk komedie satt til Roma (eg har eit bilde av eit alternativt «The Lizzie McGuire Movie» poster i hovudet) gav eg likevel Audrey Hepburn og Gregory Peck ein fair sjanse. Audrey Hepburn vann jo faktisk Oscar for rolla si i denne filmen, og er seg sjølv ofte grunn nok til å sjå ein film.

«Roman Holiday» klarar å vere både ein reisefilm, som introduksjon til Italias hovudstad, og ein romantisk komedie, utan å overdrive på verken den eine eller andre måten. Den flørtar med sjåaren og viser til sekvensar som får fram personane bak ansikta og namna. Så mykje utstråling og god kjemi mellom kvarandre har Hepburn og Peck at den forutsigbare handlinga ikkje påverkar negativt. Sjeldan blir eg så godt dratt inn i rollefigurar sin tilstadeverelse.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Jacob har sagt:

Slutten var vel ikke forutsigbar - til amerikansk romantisk komedie å være?

ness har sagt:

Som eg ser det, så tok filmen ei forventa retning etter kvart som Peck/Hepburn blei kjent, og utviklinga av planen hans.

Slutten var kanskje ikkje i detalj det eg hadde rekna med, men filmen generelt våga å gjere småting på ein litt anna måte (enn eg forventa av ein amerikansk rom.kom.), så håpet om at slutten skulle følge opp var der.

Direkte forutsigbar om slutten åleine er kanskje feil å påstå..

Jacob har sagt:

Den hadde vært forutsigbar hvis hun hadde gitt avkall på sine kongelige plikter ja.