Battlestar Galactica sesong 2
20 episodar.
Tida sidan forrige gong eg skrytte av «Battlestar Galactica» er relativt kort, så innlegget her vil bli det same, kort.
Utvida frå 13 til 20 episodar (om ein ikkje reknar miniserien som ein del av første sesong) er det mengder med moro i 6 Disc boksen, derav ein disc forbeholdt ekstramateriale (sletta scener, m.m.). Ei naturleg fortsetting av den første sesongen gjer at ei direkte samanlikning mellom dei to vil bli urett. Andre sesong har eit grunnlag å bygge på, og kan ta historiane til nye høgder. Karakterane får sette seg endå djupare i bevisstheita.
Enkelte av episodane er simpelt hen fantastiske. «BG» er lagt opp med fleire episodar av typen «to be continued…», som gjer det umogleg å slå av. Episodane som ikkje er fantastiske er på kanten, det skjer ting heile vegen, serien er stabil. Den klarar stadig å gjere det interessant ved å vere innovativ, overraske på høgt nivå.
Ser fram til tredje sesong no!

Ser frem til filmen jeg. Sesong 3 var bra. Gled deg.
Razor? Det blir vel i tråd med resten av historien, som ein ekstra lang episode?
Ja, det blir nok det. Men ettersom jeg har sett sesong 3 blir det det neste høydepunktet in en flott serie.