Slither (2006)
User Rating: 6.7/10 (14,190 votes)
«Slither» har eg sett før. Den fekk faktisk ein plass på topplista mi over filmar sett i 2006, difor var eg skeptisk til å sjå den igjen. Tenk om den ikkje skulle leve opp til forventingane før gjensynet. Bekymringane såg raskt ut til å vere forgjeves, «Slither» er utan tvil like god, om nesten betre!
Nathan Fillion, du kjenner han frå «Firefly» (om du er kul) eller «Two Guys, a Girl and a Pizza Place» / «Pizzagjengen» (om du ser på tv og er litt kul), er sheriff i småbyen Wheelsy. Det som til vanleg er ein roleg småby blir eit rottent hol utan like når eit mannevondt romvesen dukkar opp. Fillion er sjølvsagt veldig kul, det skadar heller ikkje å ha med Don Thompson og Michael Rooker.
I oppbygging er «Slither» på mange måtar ein typisk B-film, utan at det treng vere negativt. Handlinga og dialogen er oftast enkel, men godt gjennomført, enkel og ikkje minst utruleg artig. Artig er derimot ikkje noko for sarte sjeler, forvent ein stor porsjon blod og gørr.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Herlig film. Starter litt tregt, men så begynner moroa. Denne og Feast er to gode filmer i denne sjangeren.
Feast så interessant ut. Er notert no. Anbefalt “så til de grader” på Filmantrop óg.