Equilibrium (2002)
User Rating: 7.7/10 (44,243 votes)
I serien “Asbjørn ser filmar på nytt” er me i dag komen til «Equilibrium». Overdosa på kaffi etter ein eksepsjonelt lang dag kosta Asbjørn på seg å legge beina opp i sofaen…
Christian Bale er i vinden for tida, meir enn på ei stund har eg inntrykk av, og er ein av fleire grunnar til at filmen i dag blei «Equilibrium». Minner om gode skytescener og ein tøff setting var dei to andre hovudgrunnane.
Året er ukjent, me befinn oss i det 21. århundre etter ein tredje verdskrig. Håpet for menneskeheiten er tynt og difor har mektige menn bestemt at ingen skal føle. Medsin som skal forhindre dette blir påbudt, og ei gruppe spesialagentar med proff soldattrening er med på å oppretthalde orden. Bale er ein av desse tøffe mennene som i dei fleste situasjonar er uovervinneleg.
Så skjer det at Bale blir hindra i å ta medisinen sin og filmen er verkeleg i gong.
Minna mine var så korrekte som dei kan bli, «Equilibrium» er verkeleg ein knalltøff film med dei råaste shoot-outs. Den manglar fleire forklaringar og hadde tent på litt meir djubde, men alt i alt er det berre pirk i ein film eg har lite å utsette på.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Synes også at skytinga i denne filmen er knalltøff, og det er Bale også. Tøff film!