Escape from L.A. (1996)
User Rating: 5.0/10 (13,834 votes)
Snake Plissken er tilbake igjen i statens teneste. Denne gongen med nokre ekstra kilo bagasje, men med sterkare personlegheit enn sist.
John Carpenter har laga ein oppfølgar som på idénivå er akkurat fersk nok til å kunne fungere. Budsjettet er nok ikkje det største, noko som gir filmen eit særpreg på effektsida. Med nok fantasi kan dette oversjåast, eg synst det gir filmen ein eigen sjarm, sjølv om eg aldri vil benekte at resultatet kunne ha blitt langt betre om Carpenter ikkje hadde lagt vekt på scenene som brukar datagrafikk her. Ei scene der Kurt Russell på surfeboard i ei tsunamibølge kappkøyrer med Steve Buscemi i ein Cadillac (side om side ja!) er hysterisk, men utruleg teit. Prikken over i-en er når Russell hoppar over på bilen!
Sjølv om filmen er tøff slit den under å vere meir ein actionexploitation enn forgjengaren som la litt meir vekt på karakterane og handlinga si. Mange kjente (og mindre allment kjente) skodespelarnamn er med på å trekke interessenivået til «Escape from L.A.» opp.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Nå er det riktignok noen år siden jeg så disse Escapefilmene, men jeg mente at de var kliss like? Uansett, Snake Plissken er ett mye barskere navn enn John Rambo.
L.A. er i forhold til New York lik Kurt Russell i dei to filmane, ikkje fullt så skarp. Litt for dvask. Dei er på mange måtar like, men ikkje kliss like. Uansett, Snake Plissken er ein barsking i begge!
Hmm, vi liker jo Carpenter. Må se disse på nytt føler jeg.
Neste på Carpenterprogrammet mitt står Christine. Har sansen for denne regissøren, kan det med å lage spennande og tøffe filmar. I blant er det eit par heilt greie titlar, men det går som regel ned.
Hoho, Christine suger! (så fikk jeg bruk for den frasen på nytt). Hvis du ikke har sett Halloween, The Thing eller The Fog så anbefaler jeg de først. Har du sett dem, så anbefaler jeg også de først.
Sopass. Vel, eg er satt på å skulle sjå den. Er forbi stadiet der eg vurderar det.
Med andre ord, Jacob, så har du full tillatelse til å sei at du åtvara meg.. om den ikkje fell i smak her på Filmdagbok.
(Har sett Halloween, The Thing og The Fog. Ved sidan av Assault on Precinct 13 er det filmar som eg godt kan sjå igjen.)
Lenge siden jeg har sett Christine nå, men jeg mener å huske at den hadde en teit sjarm som gjorde den absolutt severdig?
The Thing og Halloween kan alltid sees igjen, men The Fog følte jeg hadde tapt seg litt sist jeg så den. (For ikke så veldig lenge siden)
Christine er en sånn film man kanskje ser starten av en sen kveld på TVNorge, også ender man opp med å se den fordi den tross alt er litt kul. Underveis flikker man jo innom Seinfeld og Svisj, men man vender alltid tilbake til Christine.
Apropos Escape from L.A. Ein veldig tidleg versjon av scriptet er blitt solgt på eBay. Og ein mann som går under RaulMonkey har lagt ut essensielle detaljar via Ain’t It Cool News. Det er ganske så forskjellig frå den ferdige filmen, og ikkje så altfor langt lesestoff. Veldig morsomt faktisk.
http://www.aintitcool.com/node/34221