Gattaca (1997)
User Rating: 7.7/10 (43,254 votes)
I ei ikkje så altfor fjern framtid er designerbarn blitt vanleg. Arvelege sjukdommar kan velgast vekk før fødsel og forventa levealder blir kalkulert ved fødsel. Lova forbyr det, men betre jobbar tek i bruk helsesjekkar ved tilsetting, diskriminering er eit kjent (og skjult) fenomen.
På den andre sida har du “Gudsbarn”, født på naturleg vis utan innblanding av førfødselsteknologi. Ethan Hawke spelar ein av denne “rasen” som aldri kan få drøymejobben på grunn av ein forhåndskalkulert hjertestopp i ung alder.
I «Gattaca» er det redselen for at dei små tinga skal bli avslørt som gjer thrilleren. Her skal alt vere perfekt. Filmen framstår likevel ikkje som kald og steril. Vektlagt er den enkle historia om Vincent/Jerome. Temaet er tukling med naturen. Sjølv om «Gattaca» er kritisk som det held viser den óg til moglegheitene, og er ingen dommedagsprofeti på nokon måte.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
