The Fisher King (1991)
User Rating: 7.4/10 (18,470 votes)
Eg har eit blanda forhold til filmane til Terry Gilliam, men gir stadig mannen nye sjansar. Takka vere det har eg fått sett den flotte «Twelve Monkeys» og no den nesten like flotte «The Fisher King».
Jack Lucas (Jeff Bridges) er ei kjent, rappkjefta radiostemme med stor sjølvtillit. Når ein psykotisk lyttar vel å tolke orda hans bokstaveleg, og meir enn så, endar det opp i ei massakre på eit uptownklubbane i storbyen. Jack blir utpeika som syndebukk i media og går inn i ein tung periode.
Tre år seinare… møter me Jack på mindre breialt vis enn tidlegare. I historia som etter kvart utviklar seg møter han på uteliggaren Parry (Robin Williams), saman opplever dei litt av kvart. Det blir håplaust å fortelje meir utan å øydelegge gleda ved å sjå filmen.
I «The Fisher King» kjenner eg igjen Gilliam sin måte å framstille samfunnet som ein kald plass. Utan det varmare og kjensleladd dramet hadde ikkje det appellert til meg. Kjemien mellom ulike skodespelarar er unekteleg god, i blant nok til å få den kalde kjensla nedover ryggen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
