Filmdagbok
ness
23-sept-2007

Roving Mars (2006)

User Rating: 7.1/10 (211 votes)

Roving MarsDenne korte dokumentarfilmen sendt på IMAX-kino ein gong i tiden (i fjor altså), og er knappe 40 minuttar lang. Men 40 minuttar er tilstrekkande til å få fram hovudpunkta i kreasjonen av robotkøyretøya Spirit og Opportunity, deira ferd til planten Mars og dataen dei samla inn.

Walt Disney Pictures står bak produksjonen (naturlegvis har dei med seg fleire ekspertteam). Difor kan det forventast at vinklinga av dokumentaren har eit veldig folkeleg preg. I forklaringa av funksjonane til robotkøyretøya er det brukt mange metaforar som er med på å gi dei eit menneskeleg preg. Som om køyretøya i seg sjølv er nyfødte og kjempar for eksistensen sin. Dette gjer at materiale er enklare å fordøye, men på ei anna side mistar kanskje dokumentaren litt av seriøsiteten sin på grunn av dette.

Alt dette til side, «Roving Mars» er informativ, spennande og har mange, fine bilde i høgoppløysingsformat. Animasjonane er skapt av ei grundig analyse av foto, er godt detaljerte og nær fotokvalitet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-sept-2007

Burn Notice sesong 1

12 episodar.

Burn Notice

«Burn Notice» var ei av sommaren sine gode overraskingar på tv-fronten. Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle følge med på denne fast før eg satte meg ned med første episode. Planen var berre å finne ut kva serien dreia seg om. Eg likar å vere opplyst på den måten.

Det tok ikkje mange minuttane før «Burn Notice» viste seg å vere akkurat det eg kunne tenke meg å følge meir med på. Serien er smart, spennande, humoristisk, er satt til ei rikt miljø (Miami) og står sterkt på det viktigaste: gode karakterar, spelt av gode skodespelarar. Å sette namn på det eg følte når eg såg namnet til Bruce Campbell på opningsteksten blir for vanskeleg.

Bruce Campbell er ikkje hovudpersonen her, det er Jeffrey Donovan, som spelar spionagenten Michael Westen, viss brått ein dag blir utestengt frå byrået sitt på den verst tenkelege måten. Han får eit «burn notice», som gjer at han endar opp i Miami utan jobb, pengar eller papir. Med ingen sjanse til å gjere noko ut av seg. Gjennom serien tek han på seg små oppdrag som varierar i storleik og seriøsitet, samtidig som han jaktar på ei løysing til kvifor han blei utestengt.

«Burn Notice» har i tillegg til kvalitetane eg har nemnt ovanfor krydra ofte enkle historiar med små vendingar, overraskingar og langt meir alvor enn ein forventar. Flott er det når det ikkje går på bekostning av serien si ledige og lyse framtreding.

 
ness
20-sept-2007

King of the Hill sesong 1

13 episodar.

King of the HillEin serie som kanskje ikkje får så stort merksemd, men som har holdt det gåande ganske lenge no, er «King of the Hill». Grunnen til det kan vere at den ikkje utmerkar seg på nokon spesiell måte, men er ein fin, stabil liten serie.

Det handlar om sørstatsfamilien Hill som består av Hank, Peggy og sonen Bobby. Kvar episode støyter dei på enkle, menneskelege problem, som gjerne kjem ut av proposjon på grunn av sære stereotypar. Humoren legg alltid vekt på å vere folkeleg, noko som gjer King of the Hill til ein lun komedie.

Faren er tempoet, som kan oppfattast som seint. Om ein ikkje kjem inn i karakterane sin verden så vil det her virke som ein ganske tam serie. Noko eg erfarte då eg sjekka ut ein tilfeldig episode i fjor. Denne gongen gjekk det derimot betre når eg starta frå starten av. Å påstå at eg no har ein sterk apetitt for fleire episodar vil vere å lyge, men eg ser ikkje bort i frå at eg vil kunne sjå meir i framtiden som roleg tidsfordriv.

 
ness
19-sept-2007

The TV Set (2006)

User Rating: 7.0/10 (663 votes)

The TV Set«The TV Set» med David Duchovny blei dagens andre film. Den tek for seg heile prosessen frå idé til pilotepisode i amerikansk nettverkssamanheng. Meir spesifikk korleis ein briljant idé blir mørkbanka og standarisert.

Dette er ein komedie med botn, kanskje ikkje av den hysteriske typen som vil fenge alle, men for folk med store tv-interesse (meg veldig mykje inkludert) så er dette ein god film. Gode skodespelarar burde trekke opp for andre óg.

Duchovny vs. Sigourney Weaver er eit festeleg skue, sistnemnte bankar ut Meryl Streep i «The Devil Wears Prada» på bitchskalaen så det susar.

Oppbygginga til filmen er nok ein av dei sterkare sidene. Dette er ein ekte prosess som blir forklart over 90 minuttar, hoppar i tid ved dei rette plassane og får med seg essensen på ein måte som både informerar, kritiserar og underheld. Når filmen har eit mål så blir det mykje artigare å sjå på enn om det skulle vore ei laus historie basert på tv-nettverksarbeide.

Kvifor filmen ikkje har fått så mykje omtale etter den blei lansert i april kan hende har noko å gjere med at FOX er involvert. Dei var som kjent involvert i lanseringa av «Idiocracy» tidlegare i år, som også var ein kritiserande film på eit underliggande nivå. Men det forblir i mine spekulasjonar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-sept-2007

1408 (2007)

User Rating: 7.5/10 (17,842 votes)

1408John Cusacks karakter skriv “Topp 10″ bøker om spøkelse. Personleg virka han ikkje å tru på dei, men forfattarskapet er god business. Når han så får augene opp for rom nr 1408 i eit New York hotell er det forhistorien som fattar interessa hans, utan at han på nokon måte blir overbevist av at rommet skulle vere annleis enn alt det han tidlegare har besøkt.

Hotellbestyraren, Samuel L. Jackson i ei fin lita rolle, er svært truverdig i åtvaringa mot å la Cusacks rollefigur overnatte der. Desto meir fristande for forfattaren. Når han til slutt får rommet, kan du legge to og to sammen. Ting startar å skje, ja.

Filmtraileren til «1408» hinta til ein friskare skrekkfilm (om du har planar å sjå filmen vil eg ikkje anbefale å sjå traileren no). Og «1408» har både gjennomtrengande gufs og skvettesprett. Det den ikkje har er ei meining, den virkar å gripe om så altfor mykje. Hadde den vore meir fokusert og 20 minuttar kortare kunne den ha komme ut av det som ein av haustens gode nye skrekkfilmar for min del. For eg likte mykje av det eg såg. Cusack ber filmen god ved sidan av eit bra regiarbeid.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-sept-2007

TV pilotguide #3: 30-50-70

I Hate My 30sNoko så sjeldan som ein VH1 serie. «I Hate My 30s» er ein sitcom om å vere over 30 år gammal, satt til eit kontormiljø. Skodespelet her er skuffande, som i mange andre likeverdige sitcommar. For «I Hate My 30s» er ikkje noko anna enn eit dårleg gjennomført forsøk. Responsen til vitsane blir lange «haaahaaa» framfor ektefølte «haha». Serien kan glimte til ein sjeldan gong, men aldri nok til å gjere det så morosamt at mangelen på djubde og gode karakterar kan oversjåast.

Mad Men«Mad Men» handlar ikkje om gale menn, men om reklamefolk i Madison og prøver seg på eit historisk perspektiv ved å la handlinga føregå på 1950-talet, med kvinnesyn, skepsisen til truverdigheita bak forskinga på kreftfaren i sigarettar, osv. For mitt vedkommande fatta ikkje serien interesse, då den blir for kjedeleg. Det kan godt vere at den legg for mykje i å vere 1950-tals, og at historiane forsvinn i alt dette. Alle mannskarakterane her er nærast identiske, og kvinnene forblir objekta dei er i forhold til mennene også utanfor slike situasjonar. I konkurransen om å utmerke seg blant tv-seriar blir det for tamt.

The Bronx is BurningESPN er mest kjent for sport, men glimtar i blant til med ein tv-serie. Naturlegvis om sport, og gjerne med kjente namn på rollelista. Som «Tilt» med Michael Madsen for nokre få år tilbakes. «The Bronx is Burning», som er deira nye storsatsing, har både Oliver Platt og John Turturro på lista, begge framifrå skodespelarar. Serien handlar om New York Yankees (baseball) og perioden då Steinbrenner var eigar og Martin trenar (slutten på 1970-talet, for oss utanforståande). Som bihistorie har dei teke med saka om ein seriemordar som gjekk laus på den tida (.44 mordaren). «The Bronx is Burning» er lagt opp som ei blanding mellom ein dramaserie, arkivfoto, avisoverskrifter, gjenskaping av hendelsar. Litt tungt å komme seg inn i første episode, eg var i tvil om eg orka å sjå den andre. Men i den satte handlinga seg verkeleg godt. For ikkje å gi inntrykk av anna, så er det ein dramaserie dette her, på ein innovativ måte altså. Du treng heller ikkje vere nemneverdig interessert i baseball for å like dette. Dessutan gjer Oliver Platt ei storslagen rolletolking, som vanleg, nesten verdt serien åleine.

 
ness
18-sept-2007

Stranger Than Paradise (1984)

User Rating: 7.4/10 (4,984 votes)

Stranger Than Paradise«Stranger Than Paradise» er ein enkelt klyppt film i svart-kvitt med amatørskodespelarar, ei tynn historie og minimalt med populærmusikk. Likevel har den klart å karre til seg ein relativt dedikert fanbase sidan den kom ut i 1984.

Eg vart aldri imponert over det eg såg her. Jim Jarmusch sin andre langfilm har ein del vakkert foto, sjølv om bilde er kornete og svart-kvitt, men står seg ikkje ut som genial på nokon andre måtar. Det som gjer det til ein fin film er at den er nedtona og jordnær på alle måtar, både i idé og gjennomføring. Noko som gjer den lettfatteleg, og ikkje til ein ung filmskapars pretensiøse nestendebutkunstfilm.

Det er vel ikkje så mykje meir å sei om «Stranger Than Paradise». Ein enkel og fin film. Ikkje bortkasta tid, men eg ser ikkje på den som ei prioriteringssak.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-sept-2007

Rio Bravo (1959)

User Rating: 7.9/10 (11,680 votes)

Rio BravoEin time-for-time western i ein amerikansk småby, der sheriffen har teke til fange broren til byens mektige mann, og avventar marshallen i noko som blir fleire spente dagar.

Sheriffen i spissen er John Wayne, med Dean Martin, Ricky Nelson og Walter Brennan ved si side. Dei utgjer ingen team i tradisjonell westernstandard, men på alle måtar eit godt team for filmen.

Tempoet er på middels, så ved sidan av artig skyting blir det nok av humor og konfliktdrama, flotte dialogar og ein dæsj romantikk. Howard Hawks stressar ingenting når han vil framstille lovmennene i «Rio Bravo». Vante rollefigurar blir bevisst avliva med påpeikande kommentarar.

«Rio Bravo» staka ut kursen allereie i dei første bilda. Noko som førte til at eg famla litt etter ei type tydeleg historie som ikkje skulle komme, og mista litt av fokuset dei første minuttane. Både på grunn av dette, og fordi filmen rett og slett er ein veldig god film på dei fleste måtane eg kan tenke, vil det bli gjensyn med «Rio Bravo» ein eller anna gong i framtida.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-sept-2007

M*A*S*H sesong 1

24 episodar.

MASHTil å vere laga i 1972 held «M*A*S*H» seg veldig godt som tv-serie. Den medisinske leiren til det amerikanske forsvaret under Koreakrigen har faktisk ein del likheiter med dagens Sacred Heart (i «Scrubs»). Strukturen er enkel og «M*A*S*H» har ingen samanhengane historie, så samanlikninga mot Scrubs står ikkje særleg stand der. Balanseringa mellom krigshumor og alvor er til tider så hårfin at ein ikkje veit om det er rett å le eller grine. På dette vis klarar serien å skape karakterdjubde i enn så enkle episodar.

Vitsane er stort sett brå og enkle, som gjer «M*A*S*H» til ein sitatvennleg serie. Alan Alda og dei andre skodespelarane har strålande karisma som gjer at tonen blir ledig og vitsane glir godt på plass.

Frank Burns: Why does everyone take an instant dislike to me?
Trapper: It saves time, Frank.

Fleire av episodane er bygd opp på tradisjonelt Knoll og Tott-vis, med Hawkeye og Trapper sine skurkestrekar mot Frank Burns og Hot Lips som grunnlaget, og hemna tilbake. Utfalla er aldri dei same, heller ikkje oppskrifta. Fleire episodar handlar om heilt andre ting, som i «The Ringbanger» der Leslie Nielsen spelar ein altfor breial pasient.

Med totalt 11 sesongar, der eg har 10 av dei framfor meg, spørs det korleis «M*A*S*H» vil halde fram. På kanten av den 24 episodar lange førstesesongen merka eg at det var på tide med ein pause. Men «M*A*S*H» er vanedannande og morosamt, så kor lenge eg kan halde meg unna er uvisst.

 
ness
16-sept-2007

An American Werewolf in London (1981)

User Rating: 7.4/10 (13,975 votes)

An American Werewolf in LondonI juli/augustutgåva av Film&Kino fekk monstersauefilmen «Black Sheep» via merksemd. Ein film eg hadde stor glede av under årets Kosmoramafestival her i Trondheim. Forfattaren brukte eit lite utval av referansar som utan å gå på bekostning av lesinga for ferskingar, heller gav inspirasjon til å sjå filmane. For meg var det først og fremst «An American Werewolf in London» som stod seg fram.

To unge amerikanarar på ryggsekktur i Europa er på eit tidspunkt på landsbygda i Nord-England, der dei må søke ly frå regnet i ein lokal pub. Dårleg gjestfriheit fører til at dei snarast er på landevegen igjen, med ei anbefaling om å halde seg unna myrlandskapet. Dei overser anbefalinga og får smake følgene.

«An American Werewolf in London» er spennande, sjølv om oppbyggina i sekvensane ofte er tradisjonell (forutsigbar). Skodespelet blant stjernene er ingenting å skryte av, men heller ingenting å utsette på i ein film som denne. Så lenge dei er lause i kofta og med sjarm så er alt bra. Stivt skodespel er i motsetning ganske slitsomt.

Av mange fine sekvensar er transformeringa til varulv, kaoset i sentrale London og ikkje minst den elegante og effektive slutten mine favorittar. Blant elles mykje god underholdning.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10