Archive for oktober, 2007

Transformers (2007)

onsdag, oktober 31st, 2007

IMDb: 7.7/10 (93,743 votes)

Transformers 228Opprinneleg skulle eg styre unna «Transformers», eg har aldri hatt noko forhold til salgsvara og synst konseptet virka døvt, men mykje skryt av spesialeffektane gjorde meg nysgjerrig.

Alle veit kva «Transformers» er, ingen vidare introduksjon er nødvendig. I filmen truar ein ond botleif eller whatever jordkloten. Shia LaBeouf som pinglete ungdom rotar seg inn i midten av kampen om ein boks. Ei simpel historie det blir brukt lang tid på å fortelje.

Eg går rett på sak, «Transformers» er eit godt eksempel på den moderne blockbusteren. Masse poff, pang og fyrverkeri i stor skala, imponerande utført og visuelt overlegen mot f.eks. «Spider-Man 3» som kosta 100 millionar dollar meir å lage, men lite substans For meg er ikkje fyrverkeri nok, når eg ser forbi ein oppbrukt variant av redd-verda-historia står «Transformers» igjen i slitne underbukser.

Kanskje «Transformers» kunne ha blitt tøffare hadde den hatt høgare aldersgrense, blitt kutta ned på lengda, fått meir mytologi og mindre pang pang, bytta ut enkelt feilcasting, mista nokre av dei ubetydelege sidehistoriane og nokre andre småting. Slik som det er her blir det berre ulikandes action. Dei personlege sidene ved personane Sam Witwicky og Mikaela Banes har lyspunkt som løftar inntrykket mitt og eg tenkte tanken at det kanskje hadde vore ein artig film hadde robotane forblitt køyretøy og dette blitt gjort om til ein ungdomsfilm, men så kom eg til å tenke på «Christine» og blei sittande med den tanken resten av filmen. «Transformers» er «John Carpenter’s Christine» på nytt!

6/10

Lifted (2006)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 8.1/10 (2,838 votes)

«Lifted», «Lifted», «Lifted». Ein av dei beste i samlinga. Me følger eit lite romvesen som tek praktisk eksamen i bortføring av menneske, noko som ikkje går spesielt bra. Nydeleg på alle måtar.

8/10

Mater and the Ghostlight (2006)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 6.9/10 (1,131 votes)

«Mater and the Ghostlight» skremmer ikkje meg, og importerar ikkje spesielt heller. Mater er tauebilen frå «Cars» og han har veldig aktiv fantasi. Stemmene er av skodespelarane frå «Cars», animasjonen er på same nivå.

6/10

One Man Band (2005)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 8.0/10 (2,479 votes)

«One Man Band» tek oss med til ein duell mellom to eitmannsband om mynten til ei lita jente. Dette resulterar i eit musikalsk meisterverk av ein animasjonskortfilm.

8/10

Jack-Jack Attack (2005)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 7.8/10 (2,105 votes)

«Jack-Jack Attack» er den andre kortfilmen med karakterar frå langfilm, nemeleg babyen frå The Incredibles (som eg har liggande for gjensyn), ein vill baby som er umogleg å vere barnepassar for, som filmen handlar om. Tøff!

7/10

Boundin’ (2003)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 7.1/10 (2,740 votes)

«Boundin’» er ei lyrisk forteljing om ein steppeglad sau som blir barbert og mistar sjølvtillita, bortkasta å nemne at animasjonen er absolutt nydeleg. Musikken og rima slår aldri heilt an, men resten er fint.

7/10

Mike’s New Car (2002)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 7.2/10 (2,229 votes)

«Mike’s New Car» tek dei to hovudpersonane frå «Monsters, Inc.», og gir ingen gladkjensle av å få med seg noko nytt frå Pixar. Kortfilmen spelar på enkel moro og går greitt ned.

7/10

For the Birds (2000)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 8.2/10 (5,580 votes)

«For the Birds» går endå meir i retning av dei nyare og på alle måtar meir komplette kortfilmane. Småfuglar på ein telefonwire får besøk av ein større, dum fugl. Nydelege figurar og utruleg morosam.

8/10

Geri’s Game (1997)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 7.8/10 (3,703 votes)

«Geri’s Game» handlar om ein gammal mann som spelar sjakk mot seg sjølv. Opnar langsomt før den blir skikkeleg artig, ein av godfilmane dette. Åra etter forrige kortfilm er merkbare i betre animasjonskvalitet.

7/10

Knick Knack (1989)

tirsdag, oktober 30th, 2007

IMDb: 8.0/10 (2,707 votes)

«Knick Knack» viser at Pixar byrjar å finne formen. Feriesuvenirane på ei hylle kosar seg og ein snømann i ein snøglobe vil vere med i selskapet deira, men er innesperra. Ein komplett historie og god musikk.

6/10