Filmdagbok
ness
02-okt-2007

The War Game (1965)

User Rating: 8.4/10 (696 votes)

The War GamePeter Watkins er eit kjent namn innan dokumentarfilmsjangeren. «The War Game» ligg på kanten av det som blir omtalt som dokumentarfilm. Grunnen til det er at den legg fram eit “kva om” scenario framfor å omtale noko som faktisk har skjedd. Grunnlaget for dette “kva om” er basert på tilsynelatande mengder av fakta. Saman med vår bevisstheit om at dette skal vere ein dokumentar er det som gjer at det blir ein dokumentar. Utan at eg skal gå meir innpå dette vage skiljet til fiksjonsfilm.

«The War Game» er ganske kort, 47 minutt. På denne tida blir det framlagt eit scenario der Storbritannia og resten av Vest-europa har blitt ramma av atombomber i massevis. Ikkje ulikt tv-serien «Jericho». Så blir me presantert i form av kamera tilstade og intervju situasjonen som utviklar seg i månadene etter angrepet. Samt politisk grunnlag og alt det der. Ingen er hovudrolle i filmen, og alle framfor kamera er amatørar plassert der av regissøren.

Eg er generelt veldig glad i “kva om” typen film, både som dokumentar og fiksjon. «The War Game» går godt heim hjå meg med sin sterke og brutale skildring av det atomramma Storbritannia. Den ser veldig mykje ut som ein dokumentarfilm basert på ei sann historie, utan å bli fiksjonsfilm.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.