The Fountain (2006)
Darren Aronofsky er eit populært namn innan film frå det siste tiåret, takka vere «Requiem for a Dream». Færre har sett «Pi», utan å ha lidd noko tap. Seks år er gått sidan «Requiem for a Dream», så forventingane til «The Fountain» var store blant mange. Personleg var eg, kanskje pga. «Pi», skeptisk til filmskaparen sitt mest dagsaktuelle verk.
Hugh Jackman og Rachel Weisz spelar Tom og Izzi i ein særdeles vakkert usjåande film om tid og evig liv. Aronofsky bestemte at spesialeffektane ikkje skulle bestå av dataanimasjonar. I staden blei mikrofotografi frå kjemiske reaksjonar, med positivt utslag, nytta. «The Fountain» er annleis enn anna moderne film. Varm og ekte framfor kald og kunstig, kanskje den vil tåle tidens tann betre på grunn av dette. Laga av ein med tydeleg auge for detalj, utan å bli eit kjenslelaust perfeksjonisitisk arbeid.
Etter slike godord kjem det nok ikkje som ei overrasking at eg likte «The Fountain». Utfordrande og stort rom for ulik tolking, men likevel fattbar i filmen si litt rare eller krevande innleiing. Både historia bak filmen, som opprinneleg vart påbyrja med Brad Pitt, Cate Blanchett og eit 75 millionar dollars budsjett i 2002, avlyst og byrja på igjen i 2004 med eit budsjett på under halvparten, og ein nitidig produksjon som det kjem fram av i filmen, er med på å gi djubde til ein samanfatta film.
«The Fountain» er ikkje heilt perfekt. Vakker historie, vakkert bilde og vakker musikk, den store gnista i personane manglar. Jackman og Weisz viser seg som fantastiske skodespelarar, som dei mange nærbilda er bevis på. Det er måten filmen er bygd opp på, med fokus på så mykje vakkert, som gjer at personane i blant hamnar i bakgrunnen. Litt som med «Curse of the Golden Flower», men berre ein brøkdel så mykje som i den.
Så kva var det «The Fountain» handla om? Eg har unngått å gå innpå det her. Historia filmen byr på er det like godt å ikkje vite noko spesielt om, så lenge du veit kva type film du går til. Kva type er så dette? Litt kunsternisk, filosofisk, varm og med kjensler, fattbart handlingsforløp, poetisk. Vakker.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Slutten er helt fantastisk. Musikken og det visuelle tar helt av.
Jepp, det var ein aldri så liten ojoj-opplevelse.