Filmdagbok
ness
12-okt-2007

Before Sunrise (1995)

User Rating: 7.9/10 (21,914 votes)

Before SunriseEg elska «Before Sunset», som føregår 10 år etter «Before Sunrise». Sidan eg såg den først, utan å vite om «Before Sunrise», visste eg det grunnleggande i denne filmen og utfallet. Det vart faktisk litt vemodig å sjå han, som å hente fram eit gammalt minne, eit minne eg aldri har hatt sjølv.

Jesse møter Celine på toget til Vienna. Dei har kjemi og Jesse (Ethan Hawke) har ingen problem med å få Celine (Julie Delpy) til å utsette resten av reisa si litt for å halde han med selskap før flyet vidare til USA går neste morgon. Sidan han er blakk og ikkje kan ta inn på hotell blir det gatevandring og kafébesøk den natta. Jesse er amerikansk, Celine er fransk.

Som sin etterfølgar er dette ein film med ein del snakking; deling av livshistorie og livssyn, småsnakk og alt som skal til for å bli kjent. Ettersom «Before Sunrise» er 10 år yngre (enn «Before Sunset»), er Jesse og Celine 10 år yngre. Eg synst det kjem godt fram i filmen at det er to unge menneske med livet framfor seg som møtes, og det er ein lett tone dei i mellom, med dialogar som virkar å dukke opp der og då framfor å komme frå eit manus. For å ta i bruk eit velbrukt utsagt: filmen er ekte. Avstanden frå latter til beundring er kort, eg storkosar meg heile filmen, når den så er ferdig vart eg nesten litt trist.

Å kombinere «Before Sunrise» med «Before Sunset» vil eg tru at er ein sikker langkveld i godstolen, sofaen eller sakkosekken!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10