ness
13-Oct-2007

They Live (1988)

IMDb: 6.7/10 (10,288 votes)

They LiveEin av grunnane til at eg stadig kjem tilbake til John Carpenter er emna filmane hans har til å vere meir enn berre god eller dårleg. Dei er gjerne profetiar eller kritikkar som er lette å legge merke til. Framført i drakta av lett likelege historiar.

I «They Live», som er basert på Ray Nelson si novelle «Eight O’Clock in the Morning», kjem det ekstra tydeleg fram at Carpenter har lyst til å kritisere. Historia startar med at Nada kjem til byen, får snusen i noko muffens og endar opp med eit par solbriller som avslører romvesen si pågåande hjernevasking av menneske med skjulte bodskapar i media. Media står altså i fokus, og romvesena blir bilde på kapitalistar.

Den delen av filmen er fin, synd mykje anna er halvgjort. Oppbygginga går i rykk og napp, forsøket på å vere elgant og stilig bukkar under med upassande skodespelarar. Karakterane føretek fleire ulogiske val som etter kvart blir altfor irriterande. Dei køyrer på rett fram og blir aldri hindra nok til at det blir skikkeleg spennande heller.

Ein film eg gjerne skulle ha likt, som blir for rufsete i kantane rundt ei solid kjerne. Underhaldingsverdien blir sånn passe.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10