Filmdagbok
ness
18-okt-2007

Next (2007)

User Rating: 6.2/10 (16,094 votes)

NextEin mann kan redde Los Angeles frå å bli blåst i fillebitar, han heiter Chris Johnson og kan sjå inn i framtida, for så å kunne ta nye val ut i frå det han ser, val som vil føre til endra framtid. «Once you know the future, it will never be the same». FBI er på jakt etter han, så er terroristar med ei bombe som vil unngå FBI. Topp det heile med namn som Nicolas Cage, Jessica Biel og Julianna Moore, og du har «Next».

Eg hadde ikkje store tankane om prosjektet, traileren gav inntrykk om ingenting nytt. Handlingsreferat gjorde ikkje ting betre. Etter å ha sett filmen er eg ikkje overbevist. Tolk meg ikkje feil, dette var spennande og dramatisk, det er når ein tenker på greia med at ein mann kan redde 8 millionar det heile får litt beisk smak i munnen. Opplegget er basert på fin scifi, av den evigpopulære Philip K. Dick som har blitt adoptert frå bokform til storfilm i mange, mange år (frå «Blade Runner» til «Minority Report»). Nettopp denne måten å vinkle det på, som er inspirert av han, gav meg noko ekstra. Eg har stort sett alltid likt filmar basert på historiane hans, om ikkje anna enn på eit idémessig plan i dei verste tilfella.

Filmen er velprodusert, har sin del av dataanimerte bitar for å gi det ekstra som må til i mainstreamsamanheng,. Som nemnt over kjem dei gode skodespelarar i tillegg. Her er dei i sitt rette ess, med unntak av Biel som urettferdig nok blir forbeholdt rollen som sukkertøy, ho kan meir enn det! Storparten av tiden blir brukt til snakking og tenking fekk eg inntrykk av. Ein del spenning til tross, som eg eigentleg hadde forventa meir tidsbruk på, så eg er letta over at det blir brukt alternative metodar gjennom heile filmen. Dessutan har Lee Tamahori med redigeringshjelp fått pressa det ned til 96 minutt, som betyr lite dødtid!

Overraskande god underholdning med det vesle ekstra altså.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10