The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)
User Rating: 7.2/10 (35,214 votes)
Tredje gongen er lykkens gong. Eg har sett «Life Aquatic» to gonger før, eller ein og ein halv viss ein trekk i frå tida eg sov under første visning. Problemet var, har eg funne ut, atmosfæren eg såg filmen i, med folk som «Life Aquatic» absolutt ikkje er laga for. For denne gongen fall Wes Anderson sitt undersjøiske eventyr i smak. Men eg vil ikkje påstå at dette er perfekt.
Bill Murray trår inn i rolla som ein mann i tråd med dei han har spelt i Wes Anderson sine tidlegare filmar, smart og litt usikker på ei side, som treng merksemd og respekt på ei anna. Mannen, Steve Zissou, lagar dokumentarfilmar, for tiden om sjøliv.
Anderson har sansen for detaljar, kameraføring, vittig dialog, rike rollefigurar og smårare forteljingar. Problemet med «Life Aquatic» er at alt dette blir så framtredande at det går på bekostning av framdrifta i filmen. Ei stund blir ein sittande å la seg imponere av detaljane og bilde, før ein oppdagar at det er svært lite som skjer. Ikkje før filmen nærmare seg slutten synst eg den går innpå meg, når Bill Murray gjer meir enn å sjå morosam ut, når dramatikken klarar å komme forbi lag på lag med dekkande raritetar. Hadde filmen klart å vise slike sider av seg oftare hadde den komme skummelt nær perfekt for meg. For på slutten blir alt gjort rett, og eg nærast sprekk av beundring for måten alt er satt saman på.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
