Fahrenheit 451 (1966)
User Rating: 7.1/10 (7,609 votes)
Først ei åtvaring til deg om du er ein bokelskar, denne filmen innheld sterke bilde, kombinasjonar av flammar og papir, grotesk oppførsel mot vakre innbindingar.
«Fahrenheit 451» kan plasserast i kategorien over dystopiske filmar. Som i dei fleste dystopiske filmar er det eit høgare organ som kontrollerar folket, ting som er strengt forbudt, livssyn som blir formidla på nivå med hjernevasking. Kontrollorganet i denne filmen heiter Fahrenheit 451, ein omvendt brannmannorganisasjon ut i frå vårt bilde av dei. Desse har i oppdrag å oppsøke folk i besittelse av bøker og brenne bøkene. Namnet «Fahrenheit 451» kjem av temperaturen bøker tek fyr i, dette skulle tilsvare noko slikt som 232,7 grader celsius. Grunnen til bokbrenninga kjem fram i filmen.
Om du har sett «Equilibrium» så vil nokre av ideane vere gjennkjennelege i dette scifidramaet frå 1966. Mannen i hovudrolla heiter Guy Montag og er fascinerande nok spelt av ein østerisk komrad (Oskar Werner), veldig passande med ein spiss aksent i engelsken når han attpåtil går i eit gestapoliknande uniformkostyme. Han jobbar for 451 og får etterkvart sansen for bøker sjølv. Som Christian Bale si rolle i «Equilibrium» for kunsten. Forskjellen mellom desse to filmane er at «Fahrenheit 451» har lite action, men er skarpare og tydlegare på konsekvensane av Montag sine avgjersler og formidlinga av eit strengt samfunn.
I blant balanserar filmen på kanten til det banale, humoren som kan dukke opp i enkelte sekvensar er nok ikkje planlagt, men er med på å løyse opp tonen, om enn på langt nær så mykje at det forandrar meininga bak filmen. Eit litt stivt uttrykk, som det er her, er ganske passande når det kjem til dystopiske filmar, svakheita må ligge i at du aldri legg skikkeleg merke til følelsane dei “frelste” karakterane skal vise. Eg veit ikkje om eg skal legge skulda på skodespelarane eller regissøren for det. Miljøet er gjennomført stilmessig, med element frå den engelske landsbygda, urban betongby og interiør i pastellfargar. Kanskje ikkje så spennande den gongen det blei laga, men det har tålt tida veldig godt og gir eit sæpreg per i dag.
«Fahrenheit 451» har teke tak i veldig mykje bra og klart å skape sin eiga dystopiske verd på godt vis. Historia er ikkje den mest spennande og det går litt seint framover, men er likevel interessant, 2 timar er i overkant merkar eg. Skal eg trekke fram noko er det sjølve ideén bak handlingsforløpet og hovudrolla som ein etter kvart knyttar seg godt til. Ting å trekke ned på er tempoet og eit litt stivt uttrykk.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
