Filmdagbok
ness
21-okt-2007

Dark Star (1974)

User Rating: 6.6/10 (5,577 votes)

Dark Star«Dark Star» er langfilmdebuten til John Carpenter, ein romskipskomedie med mannskapet ombord i bombaren Dark Star, viss oppgåve er å øydelegge ustabile planetar.

Ombord i romskipet skjer det ikkje mykje. Eine astronauten opplever litt trøbbel med eit badeballiknande romvesenkjæledyr dei har ombord, men det er stort sett høgdepunktet, ved sidan av ein eksistensdiskusjon med ei bombe.

«Dark Star» har nokon gode vitsar innimellom, så det er ikkje fullstendig borkasta tid. Men samanlikna med anna John Carpenter er eg skuffa. At det vart laga på lågt budsjett forandrar ingenting i mine auge denne gongen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Fred Ut har sagt:

Enig med deg. Denne er ingenting å spare på.