Indiana Jones and the Last Crusade (1989)
User Rating: 8.2/10 (102,640 votes)
«Indiana Jones»-filmane har vore eit lite mareritt for meg nokre år, ettersom eg ikkje har klart å skilje frå kva film som hadde kva tittel, ein periode trudde eg at alle var sett, men det viste seg etterkvart å vere feil. Med «The Last Crusade» har eg først og fremst få sett endå ein god film, og i andre rekke fullført (noko som fortsatt er) ein trilogi.
Doktaren (Harrison Ford) slår seg saman med far sin (Sean Connery) i jakta på den heila gralen, den som drikk av den skal visstnok få evig liv.
Sean Connery tek på seg rolla som sidekick og leverar den eine sikre vitsen etter den andre, minuset er at det fort blir forutsigbart, uansett alvor vil han levere. Sjølv om historien med faren går godt i gjennom heile filmen, og vanskeleg kunne ha blitt fjerna, er han litt unødvendig. I versten fall synst eg han går utover spenninga og eventyrkjensla med filmen. No har eg ikkje akkurat satt av stort hukommelserom til dei forrige filmane, men dette er iallfall ikkje den beste filmen.
God underholdning er det likevel, tross dei skarpe orda mine om Connery er filmen til tider veldig morsom. Den manglar berre litt ekstra driv i eventyret.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Elsker Sean Connery her, og rangerer denne filmen like under den første. Den andre filmen i serien er klart den svakeste.
Men den andre filmen er utrolig sjarmerende da.
Nei, mer irriterende.
Det eg hugsa av Temple of Doom likte eg, den har ei viss sjarm ja. Raiders of the Lost Ark har supre nazistskurkar.