Filmdagbok
ness
23-okt-2007

The Beach (2000)

User Rating: 6.0/10 (28,804 votes)

The BeachRichard (Leonardo DiCaprio) vil oppleve spenning, reiser til Thailand, møter Daffy (Robert Carlyle), får eit kart som viser vegen til drøymestronda, tek med seg eit fransk kjærestepar, reiser dit, møter litt trøbbel på vegen, finn eit lite paradis beståande av unge folk frå vestlege land, hamnar etter kvart i trøbbel, m.m.

Danny Boyle gir oss ein film som fangar tida den kom ut i på ein god måte, med dåtidas populære musikk som eg veldig mykje kjenner igjen, unge menneske med eit vridd bilde av kva verda kan bli, den brutale realiteten som dei må konfrontere, på ein smått overfladisk måte med ein hovudrolleinnhavar som i ettertid har vist seg å kunne gjere langt betre.

«The Beach» er litt for dramatisk, ein smule for tøff og romantiserar eit hakk for mykje til at eg vil ta den for god fisk. Den hamnar litt over på sida over filmar som prøver for hardt utan å heilt få det til, samtidig som den har manglar, i løpet av innleiinga får «The Beach» preg av å oppsummere eit handlingsforløp framfor å innvolvere karakterar på fangande vis.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Du må vere innlogga for å kommentere.