Big Trouble in Little China (1986)
User Rating: 7.0/10 (20,183 votes)
John Carpenter og Kurt Russell i kombinasjon har etter kvart blitt vanskeleg for meg å styre unna, «The Thing» og «Escape from New York» er begge flotte eksempel på kva samarbeidet dei to i mellom kan leie til. I «Big Trouble in Little China» har Carpenter i tillegg fått med seg James Hong («Blade Runner»), i rolla den 2000 år gamle, skrekkelege Lo Pan, som herskar i ei magisk verd, eksisterande bak eit meir typisk Chinatown. Jack Burton (Russell) og følgesvennen Wang Chi (Dennis Dun) forvillar seg inn livsfare når forlovaden til Wang Chi blir kidnappa av Lo Pan, for å bli brukt til å gi han fast menneskeleg form.
Roger Ebert skreiv, for over 21 år sidan, at ufattelege spesialeffektar ikkje var nok for å gjere «Big Trouble» god. Per dags dato er ikkje effektane ufattelege lengre, dei er heller ikkje noko å gjere narr av, det som opptek meg mest er eit anna synspunkt Ebert hadde: «Big Trouble» startar bra, introduserar eit spennande Chinatownmiljø med enormt potensiale og eit solid team beståande av Russell og Dun, ein meir vellykka og nedtona variant av Chris Tucker/Jackie Chan. Spenninga bygg seg gradvis opp, før den når punktet der ting startar å reptere seg og filmen endar med å bli ein kopi av sitt tidlegare seg. Dette er det største problemet til filmen.
Forutan repetisjonen var «Big Trouble in Little China» festleg, ei blanding av humor, action og mystikk, spesielt rik på mørke miljø. Carpenter har eit breidt spekter av ulike filmar, «Big Trouble» er ein av som ligg nærast enkelt fortalt underholdningsfilm, den er bygd på noko som tilsynelatande skal gi meining, fortalt med bruk av eit veletablert univers av ulike kung fu mytologiar. På handlingsforløpet, Russell sin prestasjon eller karakterane generelt når den diverre ikkje heilt opp.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Dette er en av mine favoritter i klassen “kanskje ikke så jævla god, men fryktelig underholdende”.