Reprise (2006)
User Rating: 7.6/10 (646 votes)
Film nr. 1000.
«Reprise» som ein av årets beste norske filmar enda opp med å bli den eg aldri fekk sett, som eg gjerne hadde lyst til å sjå. Det stod vel på viljen kan eg tenke meg, eg har det med å aldri få sett filmane eg verkeleg har lyst til å sjå, spesielt når det gjeld kino.
Eg kan sei det først som sist, «Reprise» var ein svært gledeleg opplevelse. Det blir feil å samanlikne med Tatt av kvinnen, for dette er to vidt forskjellige filmar, likevel vil eg påstå dei er omtrent like vellykka i sjangrane sine, med ein liten knapp på «Reprise». Under filmen sat eg med inntrykket av å lese ei bok, det er forordet, hovuddelen og etterordet, krydra med tilbakeblikk og andre avstikkarar som aldri går utover dei viktigaste figurane. Som med ei god bok blei eg aldri sittande å tenke på kor i historia eg var komme og kva som ville skje før slutten, det var nok med å følge med her og no.
«Reprise» hamnar aldri i eit førehåndsdefinert spor, er frisk og behandlar tematikken sin utan å bli klisje. Blandinga mellom tragedie og komedie passar godt, det blir aldri for tragisk eller for komisk. Dessutan handlar «Reprise» om spirande forfattarar i ein vennegjeng, ein god måte å la filmen bli sjølvbevisst på.
Mykje eg skulle ha nemnt, men eg er redd det aldri vil bli ei rettferdig beskrivelse. «Reprise» er vellykka både teknisk og på manussida, den gir noko ekstra som får den til å stikke seg ut, både blant norsk og internasjonal film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Å herre, for en kjedelig film. Gratulerer med nr 1000, kjør 1001 med det samme - “1001 filmer ness følte han burde se”. :)
Tenke seg til kor mange år eg ville ha brukt på boka “1001 filmer du må ser før du dør” om eg skulle satt i gong eit slikt prosjekt og i tillegg sett anna film…
Den boka er fin, den! Fikk den til jul for et par år siden. Har lyst på den om plater også.
Eg fann lista som 1001-boka om plater utgjer på http://www.listsofbests.com og har gjort det til eit prosjekt i haust. Lista der har ikkje artiklane rett nok, men er fin å følge til ny gammal musikk. Kom blant anna over Nico sin Chelsea Girl på den måten, ein cd som blei referert til i form av bilde i Reprise når dei snakka om jenter som adopterte kul musikksmak frå andre. :)