La Haine (1995)
User Rating: 8.1/10 (14,436 votes)
Opptøyer i ein Paris-forstad, knappe to år har gått sidan slike samanstøt skjedde, filmen har soleis noko i nær tid den kan knyttast til for oss relativt unge. Det heile har sitt utgongspunkt i politivald som fører til at ungdom med arabisk familiebakgrunn hamnar i koma, inspirasjonen til denne delen av historia har Mathieu Kassovitz, regissør og manusforfattar, sagt at kjem i frå ei sann hending, men kan trekkast til fleire. «La Haine», eller «Hatet», følger ikkje denne ungdommen, men brukar det som grunnlag til å skape ein situasjon der me følger tre venner som brusar over av aggresjon mot politiet og “systemet” i ei tid med opprør i regi av etniske grupper (i den mest brukte tolkinga av ordet etnisk). «La Haine» er likevel ingen «Lasse & Geir» i samfunnskritikk, den er blodseriøs i meining og framstilling, forutan vennskapeleg moro. Vennene i «La Haine» har det med å vere store i kjeften og vere tilstades på feil plass til feil tidspunkt, noko som er mange plassar og ofte når forstaden kryr av politi.
Brutaliteten og den rå kvardagen som følger i eit bråkete forstadsmiljø får sin eigen tone med svart/kvitt-foto, eit spesielt val når filmen ikkje er nokon lågbudsjettsproduksjon. For ordens skuld kan eg nemne at den blei filma i fargar, så valet lå fullt og heilt på Kassovitz under redigeringsprosessen. Vennskapet hovudkarakterane i mellom er ingen idyll eller eksempel på at ein tøff situasjon fører dei tett saman, i stil med resten av filmen er det ikkje overdramatisert eller med det kjente uungåelege lyset i enden av tunnelen, «La Haine» følger sin eigen rytme i skildringa av 24 timar i livet til desse ungdommane, der sekvensane har til felles at dei er godt laga uansett handlingsforløp. Den kan kort oppsummerast som stabil.
Eit eller anna med «La Haine» gjer at den aldri blir den ultimate filmen, om det skuldast karakterdjubde, handlingsforløp eller rett og slett er fordi dette kan typen film som veks på ein etter kvart som den får litt tid på seg i skolten, veit eg ikkje. Eg vel i positiv ånd å tru på det siste, men gir likevel ein karakter her avslutningsvis basert på inntrykket mitt i nuet, kort tid etter å ha sett filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Å jeg elsker denne filmen. Husker når jeg så den for første gang tilbake i 1998. Ute kino på en liten øy med politisk engasjerte ungdommer…
Ingenting er som å sjå ein god film med akkurat dei rette folka!