Pixar gjer kort prosess
… på DVD og Blu-Ray med si samling over kortfilmar frå 1984 og fram til 2006, 13 bitar av varierande kvalitet utgir ein kort time med animert underholdning. Under namnet «Pixar Short Films Collection - Volume 1», for dei som skulle ønske å gå til anskaffing av samleboksen, skulle ein tru dei hadde ein oppfølgar på gong. Så lenge det ikkje vil ta 20 år å fikse den synst eg det høyres ut som ein god idé. Samlinga er eit fint eksempel på utviklinga til dataanimasjon for film sidan den spede barndommen på starten av 1980-talet. Ser ein kortfilmane kronologisk, noko ein bør gjere, fortel den samtidig Pixar si eiga historie om ein legg litt engasjement i å vurdere det tekniske og innholdet i kortfilmane. I tillegg følger det med noko bonusmateriale som kanskje er av interesse.
«The Adventures of André and Wally B.» (1984) er veldig enkel, det handlar om ein figur som spring i frå ei bie, litt sjamerande, men veldig tomt uttrykk. Animasjonen minnar om den som fulgte med dataspel på 1990-talet.
«Luxo Jr.» (1986) introduserar maskoten til Pixar, den søte lampa som hoppar rundt. John Lasseter har klart å gi dei to lampene som er med menneskelege trekk, animasjonen er nok enkel, men fungerar ganske godt.
«Red’s Dream» (1987) går inn i dagdraumen til ein bortgøymt eithjulssykkel i ein sykkelbutikk. Pixar har prøvd seg på noko litt større her og lykkast kanskje ikkje heilt, den blir småkjedeleg i forhold til det andre i samlinga.
«Tin Toy» (1988) er den første filmen med eit menneske, ein grusom baby som jaktar på ein redd tinnsoldat. Komisk, men det slo ikkje heilt an. Animasjonen blir stadig hakk betre, men har ikkje blitt imponerande endå.
«Knick Knack» (1989) viser at Pixar byrjar å finne formen. Feriesuvenirane på ei hylle kosar seg og ein snømann i ein snøglobe vil vere med i selskapet deira, men er innesperra. Ein komplett historie og god musikk.
«Geri’s Game» (1997) handlar om ein gammal mann som spelar sjakk mot seg sjølv. Opnar langsomt før den blir skikkeleg artig, ein av godfilmane dette. Åra etter forrige kortfilm er merkbare i betre animasjonskvalitet.
«For the Birds» (2000) går endå meir i retning av dei nyare og på alle måtar meir komplette kortfilmane. Småfuglar på ein telefonwire får besøk av ein større, dum fugl. Nydelege figurar og utruleg morosam.
«Mike’s New Car» (2002) tek dei to hovudpersonane frå «Monsters, Inc.», og gir ingen gladkjensle av å få med seg noko nytt frå Pixar. Kortfilmen spelar på enkel moro og går greitt ned.
«Boundin’» (2003) er ei lyrisk forteljing om ein steppeglad sau som blir barbert og mistar sjølvtillita, bortkasta å nemne at animasjonen er absolutt nydeleg. Musikken og rima slår aldri heilt an, men resten er fint.
«Jack-Jack Attack» (2005) er den andre kortfilmen med karakterar frå langfilm, nemeleg babyen frå The Incredibles (som eg har liggande for gjensyn), ein vill baby som er umogleg å vere barnepassar for, som filmen handlar om. Tøff!
«One Man Band» (2005) tek oss med til ein duell mellom to eitmannsband om mynten til ei lita jente. Dette resulterar i eit musikalsk meisterverk av ein animasjonskortfilm.
«Mater and the Ghostlight» (2006) skremmer ikkje meg, og importerar ikkje spesielt heller. Mater er tauebilen frå «Cars» og han har veldig aktiv fantasi. Stemmene er av skodespelarane frå «Cars», animasjonen er på same nivå.
«Lifted» (2006), «Lifted», «Lifted». Ein av dei beste i samlinga. Me følger eit lite romvesen som tek praktisk eksamen i bortføring av menneske, noko som ikkje går spesielt bra. Nydeleg på alle måtar.

Fin gjennomgang.
Har du kjøpt denne? Evt. fra hvor?
Har ikkje fått gjort det heilt endå, men den skal i hylla etter kvart når den dukka opp!
Slippes vel ikke i Norge før noe nærmere jul tror jeg.