«Tin Toy» er den første filmen med eit menneske, ein grusom baby som jaktar på ein redd tinnsoldat. Komisk, men det slo ikkje heilt an. Animasjonen blir stadig hakk betre, men har ikkje blitt imponerande endå.
«Red’s Dream» går inn i dagdraumen til ein bortgøymt eithjulssykkel i ein sykkelbutikk. Pixar har prøvd seg på noko litt større her og lykkast kanskje ikkje heilt, den blir småkjedeleg i forhold til det andre i samlinga.
«Luxo Jr.» introduserar maskoten til Pixar, den søte lampa som hoppar rundt. John Lasseter har klart å gi dei to lampene som er med menneskelege trekk, animasjonen er nok enkel, men fungerar ganske godt.
«The Adventures of André and Wally B.» er veldig enkel, det handlar om ein figur som spring i frå ei bie, litt sjamerande, men veldig tomt uttrykk. Animasjonen minnar om den som fulgte med dataspel på 1990-talet.
Opptøyer i ein Paris-forstad, knappe to Ã¥r har gÃ¥tt sidan slike samanstøt skjedde, filmen har soleis noko i nær tid den kan knyttast til for oss relativt unge. Det heile har sitt utgongspunkt i politivald som fører til at ungdom med arabisk familiebakgrunn hamnar i koma, inspirasjonen til denne delen av historia har Mathieu Kassovitz, regissør og manusforfattar, sagt at kjem i frÃ¥ ei sann hending, men kan trekkast til fleire. «La Haine», eller «Hatet», følger ikkje denne ungdommen, men brukar det som grunnlag til Ã¥ skape ein situasjon der me følger tre venner som brusar over av aggresjon mot politiet og «systemet» i ei tid med opprør i regi av etniske grupper (i den mest brukte tolkinga av ordet etnisk). «La Haine» er likevel ingen «Lasse & Geir» i samfunnskritikk, den er blodseriøs i meining og framstilling, forutan vennskapeleg moro. Vennene i «La Haine» har det med Ã¥ vere store i kjeften og vere tilstades pÃ¥ feil plass til feil tidspunkt, noko som er mange plassar og ofte nÃ¥r forstaden kryr av politi.
Brutaliteten og den rå kvardagen som følger i eit bråkete forstadsmiljø får sin eigen tone med svart/kvitt-foto, eit spesielt val når filmen ikkje er nokon lågbudsjettsproduksjon. For ordens skuld kan eg nemne at den blei filma i fargar, så valet lå fullt og heilt på Kassovitz under redigeringsprosessen. Vennskapet hovudkarakterane i mellom er ingen idyll eller eksempel på at ein tøff situasjon fører dei tett saman, i stil med resten av filmen er det ikkje overdramatisert eller med det kjente uungåelege lyset i enden av tunnelen, «La Haine» følger sin eigen rytme i skildringa av 24 timar i livet til desse ungdommane, der sekvensane har til felles at dei er godt laga uansett handlingsforløp. Den kan kort oppsummerast som stabil.
Eit eller anna med «La Haine» gjer at den aldri blir den ultimate filmen, om det skuldast karakterdjubde, handlingsforløp eller rett og slett er fordi dette kan typen film som veks på ein etter kvart som den får litt tid på seg i skolten, veit eg ikkje. Eg vel i positiv ånd å tru på det siste, men gir likevel ein karakter her avslutningsvis basert på inntrykket mitt i nuet, kort tid etter å ha sett filmen.
20 episodar.
Etter mange korte timar var eg ajour med den hittil siste sesongen i serien, men fortvil ikkje ærede lesarar, fjerde sesong tjuvstartar allereie i slutten av november med filmen «Razor» som skal ta for seg eit ufortalt kapittel frå tidlegare av, og i april til neste år er «BSG» tilbake på amerikansk tv. Dette veit naturleg nok fansen. Det som følger her vil heller ikkje bety noko spesielt for fansen ettersom dei uansett vil måtte finne på å sjå vidare, men kan jo fungere for å bygge opp forventingane litt.
Ein av styrkane til «BSG» har vore at historien har eit sterkt driv framover, viser stabilitet, samtidig som framdrifta skjer i svært ulik rytme frå episode til episode, nei det er ikkje snakk om fillers her, for alt er relevant på ein eller anna måte. Dette opnar for periodar med historie som kan verke svært forskjellig frå det serien har vist tidlegare, noko som det er antydningar til i slutten av andre sesong. Eg var både spent og litt skeptisk til forløpet i byrjinga av tredje sesong etter kvart som eg fekk satt meg ned med dei første par episodane, likevel om det var utruleg spennande. Kanskje eg var litt redd for at serien skulle bli for mykje nytt, forandringar i noko ein er blitt svært glad i er ikkje alltid lett å sluke. Innerst inne satt eg då med viten om at det framleis var «BSG» eg såg, og at «BSG» ikkje kunne komme seg unna romslagskipet.
Skepsisen blei ganske fort satt til side til fordel for den plasskrevande gleda eg fekk ved å sjå meir og meir, var eg hekta tidlegare så var eg oppslukt no, på grensa til usunt. Tredje sesong innfri på alle moglege måtar og skuffar ikkje i å vere tøff, dramatisk og med overraskande gode og nye måtar å fortelje historia på, eg nærast skjelv i hendene etter å få tak i meir, men må diverre billage meg på å vente ei stund.
Film nr. 1000.
«Reprise» som ein av årets beste norske filmar enda opp med å bli den eg aldri fekk sett, som eg gjerne hadde lyst til å sjå. Det stod vel på viljen kan eg tenke meg, eg har det med å aldri få sett filmane eg verkeleg har lyst til å sjå, spesielt når det gjeld kino.
Eg kan sei det først som sist, «Reprise» var ein svært gledeleg opplevelse. Det blir feil å samanlikne med Tatt av kvinnen, for dette er to vidt forskjellige filmar, likevel vil eg påstå dei er omtrent like vellykka i sjangrane sine, med ein liten knapp på «Reprise». Under filmen sat eg med inntrykket av å lese ei bok, det er forordet, hovuddelen og etterordet, krydra med tilbakeblikk og andre avstikkarar som aldri går utover dei viktigaste figurane. Som med ei god bok blei eg aldri sittande å tenke på kor i historia eg var komme og kva som ville skje før slutten, det var nok med å følge med her og no.
«Reprise» hamnar aldri i eit førehåndsdefinert spor, er frisk og behandlar tematikken sin utan å bli klisje. Blandinga mellom tragedie og komedie passar godt, det blir aldri for tragisk eller for komisk. Dessutan handlar «Reprise» om spirande forfattarar i ein vennegjeng, ein god måte å la filmen bli sjølvbevisst på.
Mykje eg skulle ha nemnt, men eg er redd det aldri vil bli ei rettferdig beskrivelse. «Reprise» er vellykka både teknisk og på manussida, den gir noko ekstra som får den til å stikke seg ut, både blant norsk og internasjonal film.
Tre år og sju månader etter oppstarten vil eg altså runda dei tre nullane, med den neste filmen etter dette innlegget, i betydning av at eg har servert eit eller anna form for skribleri omkring dei 1000 filmane eg då har sett sidan den gong. I starten svært korte, etter kvar litt lengre innlegg.
Eg har lenge gått med tankar om å trappe ned skrivinga, men det har veldig mykje blitt ein rutine eller vane. Når eg i sommar såg eg raskt nærma meg 1000, tenkte eg og har tenkt sidan, at etter 1000 (legg saman totalen for kategoriane Alle og Skjult film, sistnemnte består av filmar skrive om i Temapostar, altså ekskludert alt som har med tv å gjere) vil eg roe meg litt.
For dei som eventuelt les her på Filmdagbok betyr det at eg vil prioritere å skrive om filmar eg faktisk føler eg kan ordlegge meg meiningsfullt om. Dette har vore ulempa med å skrive om absolutt alt, noko eg heile tida har vore klar over, at idétørke og minimalt meiningsgivande filmar har ført til tamme innlegg i massevis. Eg vil i framtida konsentrere meg meir om å skrive betre innlegg, så sant eg får det til, om filmar som gir noko ekstra i positiv eller negativ retning. Stort meir kan eg ikkje sei om tida som kjem, for dette må eg finne ut av etter kvart.
1000 betyr at eit mål er nådd, at eg har sett masse film, i blant for mykje, i blant mykje dårleg. For meg har Filmdagbok fungert som ein måte å få meir glede av og bli meir merksam på god film, som ei unnskyldning for å sjå mykje, og kanskje fått meg til å sette pris på fleire filmar som ved første augekast virka middelmådige? Difor har det etter kvart blitt eit større spekter av både nytt og gammalt, som har forbetra den genrelle filmkunnskapen min og gjort at eg enklare kan velje ut filmar eg trur passar for meg. Overraskelsane vil nok aldri ta slutt fordi om.
Ta vel i mot ei ny Filmdagbok, om endringane blir synlege. Om eg klarar vil eg legge inn eit par dagars ferie herifrå.
John Carpenter og Kurt Russell i kombinasjon har etter kvart blitt vanskeleg for meg å styre unna, «The Thing» og «Escape from New York» er begge flotte eksempel på kva samarbeidet dei to i mellom kan leie til. I «Big Trouble in Little China» har Carpenter i tillegg fått med seg James Hong frå «Blade Runner», i rolla den 2000 år gamle, skrekkelege Lo Pan, som herskar i ei magisk verd, eksisterande bak eit meir typisk Chinatown. Jack Burton (Russell) og følgesvennen Wang Chi (Dennis Dun) forvillar seg inn livsfare når forlovaden til Wang Chi blir kidnappa av Lo Pan, for å bli brukt til å gi han fast menneskeleg form.
Roger Ebert skreiv, for over 21 år sidan, at ufattelege spesialeffektar ikkje var nok for å gjere «Big Trouble» god. Per dags dato er ikkje effektane ufattelege lengre, dei er heller ikkje noko å gjere narr av, det som opptek meg mest er eit anna synspunkt Ebert hadde: «Big Trouble» startar bra, introduserar eit spennande Chinatownmiljø med enormt potensiale og eit solid team beståande av Russell og Dun, ein meir vellykka og nedtona variant av Chris Tucker/Jackie Chan. Spenninga bygg seg gradvis opp, før den når punktet der ting startar å reptere seg og filmen endar med å bli ein kopi av sitt tidlegare seg. Dette er det største problemet til filmen.
Forutan repetisjonen var «Big Trouble in Little China» festleg, ei blanding av humor, action og mystikk, spesielt rik på mørke miljø. Carpenter har eit breidt spekter av ulike filmar, «Big Trouble» er ein av som ligg nærast enkelt fortalt underholdningsfilm, den er bygd på noko som tilsynelatande skal gi meining, fortalt med bruk av eit veletablert univers av ulike kung fu mytologiar. På handlingsforløpet, Russell sin prestasjon eller karakterane generelt når den diverre ikkje heilt opp.
Eg saknar «Twin Peaks», den gode stemninga førstesesongen satte meg i, som første halvdel av andresesong klarte å halde gåande, men som eg etter kvart mista. Ikkje alle vil følge meg i den retninga, men eg gjekk trøytt når David Lynch blei for pågåande med mystikken sin.
«Blue Velvet» er ganske fin, den har ein del av sjarmen som eg fann i «Twin Peaks», kanskje ikkje så prega, men passeleg for denne filmen å vere. Mystisk og litt rar er den og, utan at eg synst dette legg noko slør på å kunne følge og ikkje minst forstå handlingsforløpet. Den fine balansen Lynch har funne her, som eg synst han hadde i «Twin Peaks», gjer at eg no blei ganske så forelska i «Blue Velvet».
