Filmdagbok
ness
14-okt-2007
Comments Off
Comments Off

Black Books sesong 2

6 episodar.

Black Books sesong 2Første sesong var i og for seg god, men det er med andre sesong denne serien verkeleg har blitt bra. Historiane har fått meir kontakt med omverden utan at det går på bekostning av tilværelsen i bokhandelen. Innimellom dreia tankane mine innom «Spaced», sjølv om den serien klart er langt betre. Dette gjaldt spesielt bruken av referansar godt innblanda i samanheng med resten av historien, og delvis humoren bygd på forholdet mellom dei to mennene og dama som er hovudrollane her.

Kort innføring til «Black Books». Britisk sitcom på tre sesongar som gjekk frå 2000 til 2004. Handlar om eigaren av ein bokhandel, ein alkoholisert, kjederøykande, misantrop, den smånaive medhjelparen (slaven) hans og ei stressa venninne. Blanding av fungerande slapsticks, referansar og bøllete humor.

 
ness
13-okt-2007

Shaun the Sheep sesong 1

20 episodar.

Shaun the SheepSauen Shaun dukka opp i «Wallace and Gromit» i 1995, som ein sau i «A Close Shave». I 2007 har han igjen dukka opp i ein Aardman Animations produksjon, sin eigen serie tilogmed.

«Shaun the Sheep» er nok eigentleg ein barne-tvserie, men ein god ein sånn sett. Utan tale (om ein ser bort i frå opningssongen), men med godt forståeleg handling. Strukturert og enkel oppbygging og med ein poengfyllt slutt på dei 5 minuttar lange episodane.

Veldig enkel moro og sprø karakterar gjer dette underholdande for vaksne så sant som at det må vere ganske så kjekt for barn å sjå på. Eg koste meg med serien.

 
ness
13-okt-2007
Comments Off
Comments Off

Planet Earth sesong 1

11 episodar.

Planet Earth sesong 1Eg tok eit lærerikt skippartak i dag og blei ferdig med denne britiske dokumentarserien som eg totalt har brukt 5 veker på. «Planet Earth» er ingen dårleg serie som det er krevande å sette seg ned med, episodane eller heller fantastiske og eit prakteksempel på god naturdokumentar. Dei tek føre seg ulike delar av jorda, frå hav til skog, med fantastiske bilde av sjeldne dyr og planter som i blant har teke månader å få tak i. Har ein moderne utstyr kan det heile nytast i høg oppløysing, som simpelt hen gjer det endå meir imponerande å sjå på.

«Planet Earth» gjekk under namnet «Planeten vår» på NRK1 for to-tre år sidan, så eg merka at det var mykje som var sett før. Eit gjensyn var derimot svært gledeleg. Fleire av episodane overlappar i små porsjonar utan at det har noko å sei heller.

Ein anna ting som er kjekt med «Planet Earth» er kommentarstemma, som er interessant og behageleg å høyre på heile vegen. Det blir ikkje brukt samanlikningar med menneskeleg aktivitet og dyra forblir dyriske i framstilling.

 
ness
13-okt-2007
Comments Off
Comments Off

They Live (1988)

User Rating: 6.7/10 (10,288 votes)

They LiveEin av grunnane til at eg stadig kjem tilbake til John Carpenter er emna filmane hans har til å vere meir enn berre god eller dårleg. Dei er gjerne profetiar eller kritikkar som er lette å legge merke til. Framført i drakta av lett likelege historiar.

I «They Live», som er basert på Ray Nelson si novelle «Eight O’Clock in the Morning», kjem det ekstra tydeleg fram at Carpenter har lyst til å kritisere. Historia startar med at Nada kjem til byen, får snusen i noko muffens og endar opp med eit par solbriller som avslører romvesen si pågåande hjernevasking av menneske med skjulte bodskapar i media. Media står altså i fokus, og romvesena blir bilde på kapitalistar.

Den delen av filmen er fin, synd mykje anna er halvgjort. Oppbygginga går i rykk og napp, forsøket på å vere elgant og stilig bukkar under med upassande skodespelarar. Karakterane føretek fleire ulogiske val som etter kvart blir altfor irriterande. Dei køyrer på rett fram og blir aldri hindra nok til at det blir skikkeleg spennande heller.

Ein film eg gjerne skulle ha likt, som blir for rufsete i kantane rundt ei solid kjerne. Underhaldingsverdien blir sånn passe.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
12-okt-2007
Comments Off
Comments Off

Before Sunrise (1995)

User Rating: 7.9/10 (21,914 votes)

Before SunriseEg elska «Before Sunset», som føregår 10 år etter «Before Sunrise». Sidan eg såg den først, utan å vite om «Before Sunrise», visste eg det grunnleggande i denne filmen og utfallet. Det vart faktisk litt vemodig å sjå han, som å hente fram eit gammalt minne, eit minne eg aldri har hatt sjølv.

Jesse møter Celine på toget til Vienna. Dei har kjemi og Jesse (Ethan Hawke) har ingen problem med å få Celine (Julie Delpy) til å utsette resten av reisa si litt for å halde han med selskap før flyet vidare til USA går neste morgon. Sidan han er blakk og ikkje kan ta inn på hotell blir det gatevandring og kafébesøk den natta. Jesse er amerikansk, Celine er fransk.

Som sin etterfølgar er dette ein film med ein del snakking; deling av livshistorie og livssyn, småsnakk og alt som skal til for å bli kjent. Ettersom «Before Sunrise» er 10 år yngre (enn «Before Sunset»), er Jesse og Celine 10 år yngre. Eg synst det kjem godt fram i filmen at det er to unge menneske med livet framfor seg som møtes, og det er ein lett tone dei i mellom, med dialogar som virkar å dukke opp der og då framfor å komme frå eit manus. For å ta i bruk eit velbrukt utsagt: filmen er ekte. Avstanden frå latter til beundring er kort, eg storkosar meg heile filmen, når den så er ferdig vart eg nesten litt trist.

Å kombinere «Before Sunrise» med «Before Sunset» vil eg tru at er ein sikker langkveld i godstolen, sofaen eller sakkosekken!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
12-okt-2007
Comments Off
Comments Off

TV pilotguide #5: Sterke kvinner, svake menn

Eit knippe nye tv-seriar. Eg har verkeleg satt meg inn i nye seriar i haust føler eg, fått ei god oversikt, sett mykje som ikkje kan betraktast som innovativt, men likevel noko bra innimellom.

Dirty Sexy Money«Dirty Sexy Money» har nokre kjekke namn på rollelista. Peter Krause («Six Feet Under»). Donald Sutherland. Samaire Armstrong («The O.C.»). Førstnemnte spelar advokat for ein fiktiv, rik New York familie, der medlemmane er tydleg inspirert av aktuelle kjendisar. Pluss: Ein del skjer, serien ser ut til å ha nok å gripe tak i. Gode skodespelarar over heile linja. Den raude tråden blir tydeleg etablert i første episode. Minus: Vil nok ta tid å komme innpå karakterane. Parodieringa kan i blant vere i overkant. Dom: Vanskeleg å sei kva dette vil utvikle seg til, er villig til å gi serien ein sjanse i framtida.

Bionic Woman«Bionic Woman» er serien for folk som likar tøffe damer. Då Jaime Sommers (Michelle Ryan) hamnar i ei bilulykke og blir ganske så oppskrapa, erstattar forlovaden hennar fleire vitale kroppsdeler med heavy elektronikk. Pluss: Tøffe damer og heidundrandes action. Viser tydeleg i kva spor den legg seg. Har humor. Minus: Dama som spelar Jaime overbeviste ikkje i første episode. Dom: «Bionic Woman» er faktisk veldig gøy, på ein enkel måte. Må nesten sjå meir av denne.

Life«Life» minner meg om «House». Hovudpersonen, Charlie Crews (Damian Lewis), uskuldig dømt politimann, slepp ut av fengselet etter 12 år, og han har valt å ta stilling som politietterforskar. Veldig zen, veldig smart og utsjåandemessig lik Dr. House, men manglar sarkasmen. Pluss: Ein dose personleg drama som akkurat utviklar seg nok. Interesse saker. Kule eller pene skodespelarar (Sarah Shahi er partnaren). Minus: Sakene har litt enkel løysing. Dom: Som politiserie fungerte dette godt. Det kan bli interessant å sjå meir på DVD så den personelege biten blir endra betre samanhengande.

Moonlight«Moonlight» handlar om ein vampyr som er snill og som berre drikk blod frå døde folk. Han jobbar som privat etterforskar og det er det. Pluss: Første episode var småspennande. Fin modernisering av vampyrar. Sophia Myles er pen. Minus: Andre episode blei kjedeleg. Ingen av karakterane er spesielt kule, utanom vampyren spelt av Jason Dohring, men han får for lite skjermtid. Dom: «Moonlight» blei etter kvart altfor anonymt. Torer eg å spå ei kort levetid?

Big Shots«Big Shots» kan enkelt beskrivast som «Desperate Housewives» med menn i hovudrollane. Litt mindre såpeparodiering, men like mykje innvikla drama. Fire menn i gode jobbar er venner via same golfklubb og stiller opp for kvarandre når nødvendig, samt snakkar om alt. Pluss: Ledig tone og små morsomheiter heile vegen som gjer det til enkel fordøyeleg underhalding. Minus: Kjedeleg lite nytt. Ingen tøffe skodespelarar som merkar seg ut. Dom: Ingenting å sette tennene vidare djupare i.

Aliens In America«Aliens in America» er ingen sci-fi serie. Aliens står for to gutar som ikkje passar heilt inn i eit highschoolmiljø. Familien til Justin hentar inn ein utvekslingsstudent i håp om at Justin skal få ein ny og ikkje minst kul venn, studenten viser seg å vere pakistansk og langt i frå det dei håpa om. Pluss: Komedie utan latterboksar. Morsomt. Kule folk. Flaue situasjonar. Bra samanheng. Minus: Eit snev for mykje av verdiar. Dom: Den beste nye komedie hittil i år, fekk lyst til å sjå meir.

CM«Cavemen» er basert på ein kjent serie med reklamar for Geico Insurance (USA), og er ein serie av den komiske varianten. Rart grunnlag for ein serie som har blitt sett på med skeptiske auge heilt sidan den blei lansert. Plottet er tilpassinga av eit ørlite meir primitivt folkeslag i kvardagstilværelsen. Pluss: Folka ser ganske så rare ut. Minus: Serien er kjedeleg. Tom. Tynn. Dom: Ingenting å bry seg vidare om.

CP«Carpoolers» er ein komedie som handlar om fire naboar som køyrer i lag til jobb. Litt av handlinga går føre i bilen, mesteparten heime og på jobb. Pluss: Ein av dei fire har ein son som liknar ein del på «Napoelon Dynamite». Minus: Nok ein komedie som eigentleg er ganske kjedeleg. Den har ingenting spesielt å fortelje, manglar interessante karakterar. Dom: «Carpoolers» er hakket betre enn «Cavemen», men er utruleg platt. Eit lite hol i intetmannsland.

PD«Pushing Daisies» fortel historia om Ned, i besetning av eit talent som gjer at han kan gjenopplive døde ved å ta på dei, og ta livet igjen ved andre berøring. Viss ikkje den andre berøringa skjer, vil ein person i nærleiken dø i staden. Pluss: Rart og veldig søtt miljø som legg meir vekt på særeigenheit enn å sjå ekte ut. Morsomme karakterar. Rik på inntrykk. Minus: Unødvendig (?) bruk av dataanimasjon. Til dels overkarikaterte karakterar (størst problem i første episode). Dom: Hadde ingen forhåpningar til denne etter første episode, men andre gav meg trua på at dette er ein serie som er komen for å bli ei stund.

 
ness
11-okt-2007

The Fountain (2006)

User Rating: 7.6/10 (33,138 votes)

The FountainDarren Aronofsky er eit populært namn innan film frå det siste tiåret, takka vere «Requiem for a Dream». Færre har sett «Pi», utan å ha lidd noko tap. Seks år er gått sidan «Requiem for a Dream», så forventingane til «The Fountain» var store blant mange. Personleg var eg, kanskje pga. «Pi», skeptisk til filmskaparen sitt mest dagsaktuelle verk.

Hugh Jackman og Rachel Weisz spelar Tom og Izzi i ein særdeles vakkert usjåande film om tid og evig liv. Aronofsky bestemte at spesialeffektane ikkje skulle bestå av dataanimasjonar. I staden blei mikrofotografi frå kjemiske reaksjonar, med positivt utslag, nytta. «The Fountain» er annleis enn anna moderne film. Varm og ekte framfor kald og kunstig, kanskje den vil tåle tidens tann betre på grunn av dette. Laga av ein med tydeleg auge for detalj, utan å bli eit kjenslelaust perfeksjonisitisk arbeid.

TF bildeEtter slike godord kjem det nok ikkje som ei overrasking at eg likte «The Fountain». Utfordrande og stort rom for ulik tolking, men likevel fattbar i filmen si litt rare eller krevande innleiing. Både historia bak filmen, som opprinneleg vart påbyrja med Brad Pitt, Cate Blanchett og eit 75 millionar dollars budsjett i 2002, avlyst og byrja på igjen i 2004 med eit budsjett på under halvparten, og ein nitidig produksjon som det kjem fram av i filmen, er med på å gi djubde til ein samanfatta film.

TF bilde 2«The Fountain» er ikkje heilt perfekt. Vakker historie, vakkert bilde og vakker musikk, den store gnista i personane manglar. Jackman og Weisz viser seg som fantastiske skodespelarar, som dei mange nærbilda er bevis på. Det er måten filmen er bygd opp på, med fokus på så mykje vakkert, som gjer at personane i blant hamnar i bakgrunnen. Litt som med «Curse of the Golden Flower», men berre ein brøkdel så mykje som i den.

Så kva var det «The Fountain» handla om? Eg har unngått å gå innpå det her. Historia filmen byr på er det like godt å ikkje vite noko spesielt om, så lenge du veit kva type film du går til. Kva type er så dette? Litt kunsternisk, filosofisk, varm og med kjensler, fattbart handlingsforløp, poetisk. Vakker.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
10-okt-2007
Comments Off
Comments Off

The IT Crowd sesong 2

6 episodar.

The IT CrowdFordelen med at «The IT Crowd» har halde seg til to korte sesongar er at ideen ikkje blir uttørka. No har eg brukt 2 timar på å fullføre andre sesong utan å vere verken lei serien eller ha trang for å sjå meir i dag. Så spørs det om det vil bli laga meir.

Andre sesong byr på fleire flotte augeblikk som kanskje overgår dei i den første. Ein parodi av anti-piratkopierings skremselspropaganda, episodar med snakk Moss’ favorittdrikke; White Russian; som han ikkje veit kva består av, utpressinga av røykarane på arbeidsplassen, m.m.

Eg kan trygt sei at «The IT Crowd» er eit godt tips på sitcom-fronten, ettersom ingen vil tape verken tid eller pengar om dei skulle finne på å ikkje like serien.

 
ness
10-okt-2007
Comments Off
Comments Off

Ungdommens råskap (2004)

User Rating: 5.5/10 (159 votes)

Ungdommens råskapMed «Ungdommens råskap» viser Margreth Olin korleis ungdommen på ein skule i Oslo oppfører seg, framfor kamera. For eit av dei mange problema til filmen er at det lett kan merkast i fleire av situasjonane som blir tekne med at ungdommen overdriv. Dessutan blir filmen aldri meir enn ungdom som lagar trøbbel, med eit par lyspunkt som viser at dei kan vere kreative når dei vil. Men dette er på langt nær med på å vege opp for noko. For Margreth Olin er ungdom ei gruppe menneske med dårleg oppførsel og ingen emne til å reflektere over saker. Når det skjer noko positivt er det fordi ungdommen synst det er morosamt, ikkje fordi dei innser at dei kan gjere godt.

I blant dukkar det opp eit par ektefølte sekvensar som ikkje er skapt for kamera, der situasjonar me alle har vore i oppstår.

Mangelen på utvikling, i heile tatt retning, er den største akilleshelen. Det blir kjedeleg etter 10 minutt fordi ein veit at Olin vil pøse på med nye episodar bygd på same ideen gjennom heile dei 80 minuttane.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-okt-2007
Comments Off
Comments Off

Sagt om Katakombene 2007

Ein sjeldan gong lagar eg innlegg med berre lenker. Her er det eg har komme over i ettertid av Katakombene 2007. Interessant spredning av dekningsområde for samlinga i desse innlegga.

Gi beskjed om det manglar noko.

Hjorthen: Katakombene 07: I shall make earth my home and never leave it
Finurlige Verden: Filmfestival i skien og preggis-tanker..
Fylleangst: En helg i skien
Filmdagbok: Katakombene 2007
Fred Ut: Katakombene 07 - fasit.
Espen Iversen: Katakombene ‘07
Fred Ut: Programmet for 2007: K minus 2 timer, hey ho- let’s go!

Som bonus, litt i frå 2006.

Filmdagbok: Katakombene 2006
Fred Ut: Og nå skal vi sove mer. Men først..
Fred Ut: Programmet for 2006: T Minus 3 timer
Filmantrop, Gunnar: Farvel til Katakombene (for denne gang…)
Filmantrop, Jacob: Come with us now …
Hjorthen: Hjorthen ser film i Katakombene: If you didn’t see him…he’s there.
Typisk Tor Andre: Katakombene under Skien 2006