Arkivet til nov-2007

Tordenbloggen 2007

Så var Filmdagbok ute av konkurranse etter grei skuring for Frk. Makeløs i tredje runde, med respektive 45-111 til bortelaget. Eg er i heile tatt stolt over å ha fått så mykje som 45 poeng, utan å ty til jungeltelegrafprotokollen MSN i denne omgangen, iallfall ikkje så mykje som i forrige omgang — ja, eg [...]

The Manchurian Candidate (1962)

IMDb: 8.4/10 (23,717 votes)
To gonger har eg sett nyinnspelinga av denne politiske thrilleren, begge gongene utan å bli overvelda, men den er ein akseptabel og over gjennomsnittleg intelligent film. Om ikkje direkte ufordrande så krev den at ein held styr på folk og er villig til å vurdere dei, ikkje berre ta dei som gitt [...]

On the Waterfront (1954)

IMDb: 8.4/10 (24,832 votes)
Ved sidan av «The Godfather» er «On the Waterfront» ein av filmane Marlon Brando vann Oscar for i si tid. Som den framleis unge eks-boksaren Terry Malloy er han ein av favorittane til fagforeiningsbestyraren ved hamna, ein ikkje fullt så vennleg Johnny Friendly. Fersk i gamet veit ikkje Malloy alltid kva han [...]

Det sjunde inseglet (1957)

IMDb: 8.4/10 (20,723 votes)
Eg nærmar meg stadig eit av dei uskrevne måla for 2007, å ha sett dei 100 øverste på IMDb si stadig oppdaterte topp 250 liste. Det flotte med eit slikt mål er at eg vil få sett fleire ulike filmar eg elles hadde oversett. Mange av filmskaparane og filmane har eg stor [...]

Californication sesong 1

12 episodar.
Vulgær serie om ein suksessrik forfattar som har køyrt dødt løp ei stund og driv dank på austkysten med sigaretten i eine handa og whiskeyen i andre. Den kjente stereotypen, vår alkoholiserte forfattar, er utgongspunktet for Hank Moody, men sjølv om han på si side er tragisk er han festleg å følge med på [...]

Weeds sesong 3

15 episodar.
«Weeds» er fin underholdning, ei blanding av god humor og provokasjonar. I tredje sesong er det kristenfundamentalistar med dobbeltmoral som får mest kritikk, men «Weeds» har meir på hjarte enn berre å kritisere denne gruppa, konstruktiv kritikk til pornobransjen blant anna.
Eg har aldri vore kjempestor fan av serien, men eg synst den likevel er [...]

Duel (1971)

IMDb: 7.7/10 (14,021 votes)
Skrekkfilm til hjuls midt på lyse dagen, det er kva «Duel», ein av Steven Spielberg sine tidlege filmar, produsert for og sendt på tv. Laga i 1971 då Spielberg var knappe 25 år med einaste bakgrunn i nokre episodar for ymse tv-seriar, eit par kortfilmar her og der og ein «Columbo»-film bak [...]

Seinfeld sesong 9

24 episodar.
Å sjå alle «Seinfeld»episodane har vore eit av dei større måla mine på tv-fronten dei siste få åra. Ettersom eg aldri har vore spesielt flink å følge med på tv til faste tidspunkt og «Seinfeld» går i eit sett på TV3 med uuthaldeleg reklame, eller at eg ikkje har sansen for dårlege tv-opptak, så [...]

Futurama: Bender’s Big Score! (2007)

IMDb: (awaiting 5 votes)
Ja, eg har sett den nye «Futurama»filmen. Nei, eg skal ikkje røpe historien eller kritisere. Ja, «The Simpsons Movie» blir som hermetikk i forhold til ferskvare med den forsegla glasskuppelen sin. Ja, eg skal gi meg med å svare på spørsmål eg aldri har stilt her.
I år 2003 besteme ei gruppe inkompetente [...]

Some Like It Hot (1959)

IMDb: 8.4/10 (42,760 votes)
Tony Curtis, Jack Lemmon og Marilyn Monroe spelar på lag i denne flotte Billy Wilder-komedien frå 1959, der Curtis som Joe og Lemmon som Jerry må kle seg ut som kvinner for å få ein gig utanbys. Gangsterar på jakt etter eller forviklingar med andre menn foran seg, «Josephine» og «Geraldine/Daphne» står [...]

Nosferatu, eine Symphonie des Grauens (1922)

IMDb: 8.1/10 (16,720 votes)
«Nosferatu», basert på Bram Stokers «Dracula», er ein av dei store stumfilmklassikarane og eit direkte forbilde til bl.a. Werner Herzogs «Nosferatu: Phantom der Nacht» som eg såg tidlegare i haust.
Eg har lenge hatt lyst til å sjå «Nosferatu», dei stumfilmane eg tidlegare har fått sett frå denne periode har alle imponert eller [...]

Galápagos miniserie

3 episodar.
«Galápagos» er ein dokumentarserie frå BBC i ånd av «Planet Earth», og leverar i løpet av tre episodar visuelt fengande foto, historien til øygruppa som me kjenner den og ei innføring i dyre- og plantelivet. Då Galápagos ligg eit godt stykke utanfor veskysten til Sør-Amerika og har vanskeleg tilgjengeleg landskap har naturen der vore [...]

Life on Mars sesong 1

8 episodar.
Så gav eg «Life on Mars» ein ny og rettferdig sjanse etter å ha surra forbi første episode av serien tilbake i februar år 2006 og gitt den opp som så mykje anna det aldri er tålmodigheit nok til å følge med på.
Takk til dei grå hjernecellene mine som overtalte meg til å lytte [...]

Death Wish (1974)

IMDb: 6.9/10 (5,196 votes)
Eg gikk til «Death Wish» med nesten ingen forventingar, forutan framsyninga av Charles Bronson, ein mann eg kjenner på namnet, visste eg lite handfast. Grunnen til at eg kom over filmen var mine nylege møter med Rambo («II» og «III») og den vesle likskapen desse har under nemninga av å vere “one [...]

The Girl Next Door (2004)

IMDb: 6.8/10 (29,870 votes)
Matthew (Emile Hirsch) er den perfekt studenten, med gode karakterar, moglegheiter for stipend og aktiv i skuleaktivitetar, men han manglar den sosiale opplevelsen som senior på highschool. Så flyttar den søtaste og penaste av alle jenter inn i nabohuset, Danielle spelt av Elisha Cuthbert. Ho og Matthew blir knirkefritt forelska i kvarandre, [...]

Blackpool sesong 1

6 episodar.
Musikalar på tv er eg sjeldan bortom, helst når tv-seriar har fått nokre år på nakken og føler seg sikre på seg sjølv til å gjere noko forskjellig er dette tilfelle. Eg er ikkje spesielt glad i at tv-seriar gjer slikt, eller set ein heil episode tilbake til 1950-talsstil for den sags skuld, men [...]

Withnail & I (1987)

IMDb: 7.8/10 (8,321 votes)
Så stod eg der med eit lekker metallomslag i hendene, såg på ein tittel som stod på Kosmorama sitt filmprogram i april tidlegare i år, opna ein bokse som innehaldt både soundtrack og bonusdisc i tillegg til sjølve filmen. Ein utsett film, alt for 80kr, eg kjøpte den.
«Withnail & I» er ingen [...]

Buffy the Vampire Slayer sesong 2

22 episodar.
Å, det kriblar, andre sesong har så mykje å ta tak i at eg ikkje veit kor eg skal starte. Men det er vel berre å gjere eit forsøk, det kan umogleg skade.
Andre sesong er lengre og ikkje minst ei mykje betre heilheit enn den første, der personar og historiar går meir over fleire [...]

Arlington Road (1999)

IMDb: 7.1/10 (25,892 votes)
Konspirasjonsteori. Uventa overraskingar. Ein kunnskapsrik, men oppslukt mann i hovudrolla med mistenksomme folk rundt seg. Kjente ingrediensar, brukt i thriller på thriller, fleire ganske opplagte, andre meir elegante og underholdande. Med den rette oppskrifta kan det bli bra, som med «Arlington Road».
«Arlington Road» set Jeff Bridges i hovudrolla som universitetsforelsaren med spesialitet [...]

The Incredibles (2004)

IMDb: 8.1/10 (135,452 votes)
Før: Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen (litt «James Bond»?) og forskjellige element frå superheltehistoriar, ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og [...]