Filmdagbok
ness
20-nov-2007

Futurama: Bender’s Big Score! (2007)

User Rating: (awaiting 5 votes)

Benders Big ScoreJa, eg har sett den nye «Futurama»filmen. Nei, eg skal ikkje røpe historien eller kritisere. Ja, «The Simpsons Movie» blir som hermetikk i forhold til ferskvare med den forsegla glasskuppelen sin. Ja, eg skal gi meg med å svare på spørsmål eg aldri har stilt her.

I år 2003 besteme ei gruppe inkompetente menneske med makt at «Futurama» hadde sagt sine siste visdomsord på FOX. I år 2007 har Comedy Central endeleg fått serien tilbake, først som rett-på-video og over nyttår oppdelt i episodeformat for tv. Denne store seieren kan umogleg bli oversett, så opningsvis blir me fortalt dette på ein måte berre «Futurama» kan.

«Bender’s Big Score» innfrir alle forventingar då den klarar det «The Simpsons Movie» ikkje klarte i overgongen frå kort episode til lengre film, nemleg å tilpasse seg formatet, med sine 90 minuttar kunne det lett ha blitt for mykje eller at historia blei langdryg, men i ettertid er eg glad over å kunne sei at filmen stod med glans. Alt serien bydde på tidlegare av sprø humor og sci-fi-referansar er tilstades, saman med ei god historie og bihistoriar som fint klarar å strekke seg over halvannan time. Tempoet er viktig, og det er som å sjå ein vanleg episode, akkurat passe lang og alltid like morosam, like useriøs.

Etter å ha gått over til Comedy Central, spesielt kjent for South Park - ein serie som berre blir grovare og grovare, har «Futurama» fått ekstra krydder - gått eit steg vidare - blitt hakket kvassare, resten er likevel som før, «Futurama» er og blir «Futurama». Forvent ein del overraskingar, mange kjente ansikt, president Nixon og robotmafia. Meir vil eg ikkje røpe, då mykje av gleda for min del låg i at eg visste ingenting om filmen på forhånd, så må jo du få den same sjansen. Men du må jo ha likt serien!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Bjørnar har sagt:

Hvordan fikk du tak i denne? Hook a sick brother up?

Sonja har sagt:

Der er en Futuramafilm? Sånn helt på ordentlig, som finnes og kommer på kino, og som ikke bare er et rykte?

(kommentar slutter brått fordi kommentator er dratt for å danse seiersdans eller noe)

ness har sagt:

Sonja: Rett-på-video, sjekk ut Amazon. Ingen rykte, dans i veg.

Fred Ut har sagt:

Mitt eks er sendt og ankommer bunkersen rundt 10. Desember. Setter stor pris på at du ikke gikk i detalj på denne. Gleder meg fryktelig.

Marius Karlsen har sagt:

Har filmen, den er absolutt reel. den er skikkelig bra:D